RSS

Peter James – LEVENDE BEGRAVET

13 Aug

levendebegravetGuffent plott

Den fyrste boka om politimannen Roy Grace (har tidlegare lest Ikke død nok), og saka er av det gufne slaget. Michael Harrison er ein spøkefugl, som har drege ting svært langt i utdrikningslaga til kompisane. No er det hans tur, og kompisane legg han i ei kiste og grev han ned i skogen, mens dei sjølv drar på pubrunde. Men på veg til den fyrste puben, hamnar dei i ei bilulykke, der alle mister livet. Så no ligg Michael der, åleine i skogen, med ein walkie-talkie og ei flaske whiskey, og har inga aning om kva som skjer.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei litt ubehagelige krimhistorien.

(2005)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei svært ubehagelig historie, med tilsynelatande ingen utveg, er bakteppet for denne Roy Grace-saka. Ein mann er forsvunnen, og i leitinga etter han dukkar det opp ting som gjer at politiet skjønar at her kan det stå om sekund.

Karakterane – 9
Eit fint galleri, og litt spennande med ein hovedperson som leflar litt med synske for å få hjelp til å løyse sakene sine.

Miljøskildring – 8

Språket – 9
NB: Denne vart høyrt på lydbok, og der er det litt forstyrrande at innlesaren les alt på vanleg norsk, men legg veldig queens english-uttale på alle namn og stadsnamn, som gjer at ein får ei kjensle av å høyre på ein utanlands GPS til tider. (Dette har sjølvsagt ikkje noko med boka å gjere)

Starten – 9
Du skal ikkje mange sidene ut i denne, før du merker at dette blir ei ubehagelig reise, spesielt om du har eit snev av klaustrofobi.

Sidesnuing – 9

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 9

Den gode kjensla – 8
Ubehagelig og spennande, med eit greit taktomslag undervegs.

Avslutninga – 8

TOTAL: 8,5

 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: