RSS

Peter James – VAKKER I DØDEN

16 Aug

vakkeridødenTing du ikkje skulle sett

Tom Bryce er på veg heim frå jobb, då har merkar at ein av passasjerane har gått frå ein CD på toget. Han tek den med heim, for å finne eigaren, men ser noko på CDen som han ikkje skulle sjå, og derfrå går ting raskt i utforbakke, for ein mann som allereie slit litt med firmaet og privatlivet.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein kjapp og spennande thriller.

(2006)

Vurdering:

Plottet – 8
Innhaldet i ein tilfeldig CD som Tom Bryce finn på toget, skal endre livet for han sjølv og familien ganske raskt. Og ikkje på ein «du har vunne i Viking-lotto»-måte.

Karakterane – 9
Boka er såpass omfattande, at forfattaren har plenty med tid til å utbrodere karakterane, noko som gjer at dei ofte blir meir omfattande enn ein normalt er vant til i ein krim.

Miljøskildring – 8

Språket – 9
(Der eg i forrige bok var kritisk til at innlesaren la altfor mykje trykk på å uttale alle engelske namn og stader posh-korrekt, er det litt motsatt her. Ny innlesar, og ei rekke namn som openbart kunne vore gjort litt research på.)

Starten – 8

Sidesnuing – 9

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 8
Nok ei spennande historie. Ofte får ein ei kjensle at det skjer veldig mykje på kort tid i krimserier. Litt uvanleg og befriande at James er så open om at denne saka skjer berre dagar etter at saka frå fyrste bok er ferdig. Og at han stadig refererer til praktiske ting som hovudpersonen må ordne i forbindelse med den forrige avslutta saka.

Avslutninga – 8

TOTAL: 8,3

Reklame
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: