Uro i Kvinneklubben
Ei forening for vellukka yrkeskvinner samlast på Blacksta gård, der dei skal hylle seg sjølv og legge planane for vidare suksess i arbeidslivet. Men dessverre vert ei av deltakarane funnet drept på rommet sitt, og Christer Wijk, som allereie har sambuaren Camilla Martin på garden, kjem inn for å finne ut kven av dei andre som er drapskvinna.
Dette er bok nr 13 i serien om Christer Wijk (og Puck Bure, som ikkje er med her)
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den lette blandinga av drap og kos, som Maria Lang står for.
(1961)
Vurdering:
Plottet – 7
50 kvinner frå forskjellige yrker, har starta ein klubb der dei skal hjelpe kvarandre vidare opp og fram. Men alt er ikkje idyll innad i gruppa, og ein kveld vert ei av medlemmene drept, og sannsynlegvis er det ei av dei andre som står bak. Christer Wijk kjem inn, og finn ut at det er fleire av dei som skjuler hemmeligheiter for resten av gjengen.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 8
Om det er bevisst, eller berre 60-talsspråket som gjer det, så er det eit veldig «klassisk krim»-slør øver heile forteljinga, som gjer at ein kjem i den gode, gamle påskestemninga. Lest av den utrulig passande forteljarstemma til Kirsti Grundvig, løftar stemninga berre endå meir.
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ei nokon nærmare lukka rom-historie, der det berre er Christer Wijk av trekløveret som er med, men litt forandring er bra. Dei som har lest Maria Lang før, veit nøyaktig kva dei får her, i grove trekk.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,0