Åstad USA
«Under mistanke» er eit suksessprogram som tek for seg gamle uløyste drapssaker, og i si fyrste episode klarte å løyse ei gammal sak. Forventingane er derfor store når programskapar Laurie Moran og teamet no skal grave seg ned i saka der den unge studenten og skodespelar-spiren Susan Dempsey vart drept i LA. Fleire prominente folk var involverte i etterforskinga den gongen, og «Under mistanke» håper å få alle med i programmet.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intrikate amerikanske plott, fortalt på ein enkel måte.
(2014)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei ung kvinne vert drept ein kveld ho skal møte ein filmregissør for å prøvespele. Han fortalde at ho aldri dukka opp, og venninna til den drepne fekk rolla i staden for, og gjorde stor suksess. Ein sjalu kjæreste lurer også i bakgrunnen.
Karakterane – 8
Ei fin avveksling frå det tradisjonelle politi/etterforskar-køyret. Denne gongen er det redaksjonen i ei true crime-serie som nøstar opp, rett nok ved hjelp av advokaten Alex og den pensjonerte etterforskaren Leo.
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ei bok som dels kjennes som ein amerikansk samlebandskrim, men samtidig så har den noko ekstra over seg, som fenger på ein litt annan måte. Alt i alt må ein lande på at denne er veldig god, og at det blir i alle fall ei til i samme serie.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,1