Brura blei lura?
Ny sak for Laurie Moran og Alex Buckley i «Under mistanke». Denne gongen er det Amanda Pierce som forsvinn rett før bryllupet sitt. Ho skal gifte seg med kjærasten frå studietida, etter å ha kjempa seg gjennom ei tøff sjukdomsperiode. Ho har også skrive over ei arv på han, rett før bryllaupet. Seinare har den forlatte brudgommen Jeff gifta seg på nytt, med Megan, bestevenninna til Amanda.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du leste den fyrste og likte den, og vil ha meir i samme gate.
(2015)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei ny cold case for teamet i tv-programmet «Under mistanke.» Ei brud forsvinn rett før bryllaupet, der alle gjestane er samla for ei uforgløymeleg helg på eit luksushotell. Ho dukkar aldri opp att, og teoriane om kva som har skjedd er like mange som spora etter henne er få.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 9
Den gode kjensla – 8
Syns denne boka er veldig fengande, og held nivået til den forrige og vel så det. Kunne ønska ei noko litt meir minneverdig løysing kanskje, men absolutt godkjent underhaldning.
Avslutninga – 7
TOTAL: 8,2