Sterk polititeknisk, men…
Wilma Lind er fersk leiar for Seksjon for Valds- og seksualbrot ved politet i Oslo, og får ei sak med ein serieovergripar i fanget. Det er trafficking, ein sjef som ikkje likar deg, eit budsjett som ikkje strekk til, og eit komplisert liv på heimebane.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis ein tidlegare polititopp skriv krim.
(2014)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein serieovergripar angrip kvinner i Oslo, og for Wilma Lind vert det både ein kamp mot klokka, og mot sin næraste leiar, visepolitimester Tone.
Karakterane – 7
Stort sett fine karakterar, men nokre vert litt unødig karikerte, medan balansen mellom kor sterk hovudpersonen er i jobbsamanheng, mot kor vanskeleg alt er på heimebane, heng dårleg saman. Ein går kanskje litt for fort fram med etableringa av at ting er rotete i familielivet?
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Denne er litt todelt. Politidelen er svært god og detaljert, men spenninga i historia er ikkje all verden. Godt fortalt, men ein god del å gå på når det gjeld plottet.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,5