Pelsdyrdrama på det jamne
Advokat Mikael Anderson finn ein død mann i senga si, kun ikledd pels, og mistenker at kona, psykiater Nina Berle, har ein elskar. Men ho veit tilsynelatande like lite. Hennar største bekymring er at saka kjem ut, og skadar broren hennar, tidlegare pelsbonde og noverande landbruksminister.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er oppteken av pelsnæringa og spent på ein krim rundt den.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Eit drap fører Wilma Lind inn i toppolitikken og pelsdyrnæringa, med trådar både hit og dit, som vert meir og meir fantastiske utover.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 8
Utan å avsløre for mykje, så er litt av spenninga i jobbmiljøet borte i denne boka.
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Er på den fjerde boka på rappen, og sit heile tida med håpet om at «denne gongen», men det vil seg ikkje. Denne er kanskje den mest spennande og omfattande undervegs, men dessverre skjer det ut mot slutten. Sjølvsagt vil ein ha ein wow-faktor når ein nærmar seg løysinga, men då tenker ein fyrst og fremst «wow, det hadde eg ikkje sett for meg», og ikkje så mykje «wow, det kjøper eg ikkje», som her.
Avslutninga – 6
TOTAL: 7,3