Ein god Konrad-krim
Den andre boka om Konrad, ein pensjonert islandsk politimann. Denne gongen er det eit eldre ektepar som tek kontakt, fordi dei er bekymra for barnebarnet Danni, som har forsvunne, etter å ha rota seg bort i narkotikasmugling.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du anerkjenner Indridason som ein av verdas beste krimforfattarar.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Eit eldre ektepar ber Konrad om hjelp til å finne den forsvunne jenta Danni, som har rota seg bort i narkotikasmugling. Samstundes vert Konrad kontakta av ei kvinne som vil ha han til å sjå på ei gammal sak, der ei 12 år gammal jente drukna ein gong på 60-talet.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 9
Språket – 8
Konrad er jo ein gammal mann, men språket vert vel tungt til å vere Indridason somme stader her.
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 9
Den gode kjensla – 8
På trass av litt tungt og stivt språk, så er dette ein svært god krim. Spennande historier, truverdige trådar som nøstar seg inn i kvarandre.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,4