Lukka rom frå Läckberg
Rikmannsfamilien Liljecrona samlast til slektstreff på ei øya Valö, utanfor Fjällbacka. Politimannen Martin Mollin er med, saman med kjæresten Lisette Liljecrona. Familiens upopulære og frykta eldstemann Ruben har samla slekta, og etter ein trussel om å gjere alle arvelause, ramlar han sjølvsagt død om under middagen. Truleg forgifta. Ein storm har avskore øya frå fastlandet, så Martin må ordne opp åleine her ute, medan dei ventar på assistanse.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på korleis det går når Läckberg prøver seg på noko Agatha Christie-liknande.
(2010)
Vurdering:
Plottet – 8
Det rike familieoverhovudet Ruben truar med å gjere heile slekta arvelause, før han fell død om under middagen, like før jul. Mest truleg har nokon forgifta han. Ein snøstorm hindrar politiet å kome seg ut til Valö, og politimannen Martin, som tilfeldigvis er der saman med Lisette, som gjerne vil at dei er kjærestar, meir enn han, må ta tak.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Spennande og stemningsfullt, treff ganske bra på lukka rom-mysteriet, og kjennes ikkje så samlebandprodusert som bøkene frå Fjällbacka etter kvart gjorde.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,0