Ei sak å døy for
Ein ung og lovande journalist døyr i ei sykkelulykke. Mora Kate, som fekk dottera Becky midt i tenåra, har ingen andre, og er no desperat etter å finne ut kva som skjedde. Ho finn ut kva dottera jobba med då ho døydde, ei sak som aldri vart publiserte, og som Becky aldri fortalte nokon om. No tek ho opp tråden, for å finne sanninga.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande krimthrillerar.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 7
Becky vert drept på veg heim frå jobb, då ein lastebil køyrer på henne i eit lyskryss. Heime ventar mora og hennar nye kjæreste, som Becky skal få møte for fyrste gong. Sjåføren vert frifunnen, og Kate gjer alt ho kan for å finne ut kva som skjedde med dottera.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 7
Språket – 8
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Fyrste del er tung, men det tek seg opp, og når me passerer midten, er dette ei svært spennande krimbok.
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 7
Må innrømme at denne var litt tung å starte på, for den einaste boka eg har starta på, og ikkje har fullført dei to siste åra, er av samme forfattar. Men denne var overraskande god. Det startar litt treigt, og det går sakte, men Frances vev eit spennande nett utover, og siste halvdel av boka er svært spennande.
Avslutninga – 8
TOTAL: 7,5