Hundre år gammal krim
Ein bande truar velståande personar, og krever store pengar av dei, for å unngå å bli drept. Dei fleste betaler, men dei som står i mot, må bøte med livet. James Beardmore er ein av dei sistnemnde. Han nekter, og vert skoten ute i hagen på sin eigen eigedom. Sonen Jack er den som finn han. Ein synsk privatdetektiv ved namn Derrick Yale er på saka, saman med Scotland Yards inspektør Parr.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for hundre år gammal krim.
(1922)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein bande som kaller seg sjølv «den blodrøde sirkel», truer rikfolk for penger; betal eller blir drept. James Beardmore er ein av dei som nektar, og vert drept. Ein syns detektiv og ein inspektør frå Scotland Yard må prøve å stoppe gjengen.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 7
Språket – 6
Denne boka er 100 år i år, og språket er nok litt deretter. Det er tungt og vanskelig, og bidreg til å halde tempoet nede.
Starten – 6
Sidesnuing – 6
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Det er ikkje superspennande, må seiast. Til det går det for sakte, og er for omstendelig. Som alltid fascinerande å lese krim som er såpass gammal, men det er vel også behaldninga.
Avslutninga – 7
TOTAL: 6,6