Tennis-krim (sett sjølv inn tennis-referanse)
Valerie Simpson, ein tidlegare tenniskomet, vert skota og drept like utanfor stadion under US Open. Ho har prøvd å kome i kontakt med Myron Bolitar, som ho ønsker skal representere henne når ho no vil gjere comeback.Når Bolitar byrjar kike på saka, finn han trådar som går tilbake til eit drap på ein tennisklubb seks år tidlegare.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du, som meg, las den fyrste i serien, og vart sugen på meir.
(1996)
Vurdering:
Plottet – 8
Tennisspelaren Valerie Simpson hadde ein kometkarriere, før det plutseleg stoppa heilt opp. No er ho midt i 20-åra, og er klar for å gjere comeback, og vil ha med seg Myron Bolitar på laget. Men før dei rekk å kome i gong, vert ho skoten utanfor stadion, der Bolitar er for å sjå på ein av sine mest verdifulle klientar. Ein tidlegare stalker vert arrestert for drapet, men Bolitar er overbevist om at han ikkje er den rette.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Det vert muligens litt meir forutsigbart mot slutten her enn i den fyrste boka.
Den gode kjensla – 8
Nok ein solid og spennande sportskrim. Er overraska over ikkje å ha snubla over denne serien tidlegare.
Avslutninga – 7
TOTAL: 8,1