RSS

Harlan Coben – EN SISTE SJANSE

14 Okt

ensistesjanseEit lenge etterlengta comeback

Den største rivalen til Bolitar på universitetsnivå, den gongen før han vart skadd og måtte legge opp, er forsvunnen. Greg Downing er ein snåling, som aldri har latt seg sponse, og som køyrer taxi på fritida. Like før han forsvann, signerte han likevel ein enorm sponsoravtale. Laget hans, New Jersey Dragons, vil ikkje avsløre at han er forsvunnen, og lager ei dekkhistorie om at han er skadd, og at Myron Bolitar vert henta fram frå gløymselen, for endelig å få sin debut i NBA. Sannheita er at Bolitar skal infiltrere laget, for å finne ut kva som kan ha skjedd med Downing. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Myron Bolitar i dei foregåande bøkene. 

(1996)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei av stjernene på NBA-laget New Jersey Dragons forsvinn, og lageigaren hentar inn Myron Bolitar for å finne han. Men for ikkje å avsløre at Greg Downing er forsvunnen, er den offisielle versjonen at han er skadd, og at Bolitar, som måtte legge opp før han fekk sin NBA-debut, skal inn for å erstatte han.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 9

Språket – 9

Starten – 8

Sidesnuing – 8

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 8
Nok ein god og omfattande krim-thriller, som er lettslukt, på trass av størrelsen.

Avslutninga – 8

TOTAL: 8,2

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: