Bolitar på ukjente jaktmarker
Jack Coldren er ein aldrande og mislukka golfspelar, som er gift med verdas beste kvinnelege golfspelar, Linda. Sjølv er han mest kjent for å ha sprukke på eit av dei siste hola i US Open 23 år tidlegare, men er no sensasjonelt i ferd med å vinne den samme turneringa for fyrste gong, og på samme bane. Men undervegs forsvinn sonen deira, Chad, og ekteparet får truslar og krav. Vil nokon øydelegge sjansane for Jack?
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du elskar golf og du elskar krim, men har aldri sett dei to kombinert før.
(1997)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein gut forsvinn, tilsynelatande kidnappa, akkurat i det faren er i ferd med å få sitt verkelege gjennombrot i golfverda, 23 år etter at han var så nære. Myron Bolitar vert hyra inn for å finne ut kva som kan ha skjedd.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Spennande og solid, breidt og fint galleri, og fengande krim.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,2