Giftdrap på rekke og rad
Under eit middagsselskap, dett ein av gjestane, pastoren Babbington, død om. Kveldens vert, skuespelaren Sir Charles Cartwright er overbevist om at det er mord, men psykiateren Sir Bartholomew Strange, som også er gjest, kan ikkje finne noko gift i glaset. Seinare er fleire av gjestane samla igjen, denne gongen i Monte Carlo, og denne gongen vert verten Strange forgifta, men heller ikkje noe er det noko spor i glaset. Tre av dei som har vore til stades; Cartwright, Satterthwaite og den unge kvinna «Egg» bestemmer seg for å løyse saka, og Poirot gir dei ei hjelpande hand.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle krimhistorier med litt lengre historiebue.
(1934)
Vurdering:
Plottet – 8
To menn frå same sosiale krets vert i løpet av kort tid drept med gift. Det er ingen spor etter giften nokon av gongane, og tre av dei som var på festane, bestemmer seg for å løyse mysteriet, og stoppe giftmordaren.
Karakterane – 8
Har inntrykk av at dette er ei av Poirot-historiene som har vorte sendt oftast på TV. Karakterane Sir Charles Cartwright, Sir Bartholomew Strange, «Egg» Lytton Gore, Muriel Wills, Mr Satterthwaite og fleire, har alle kjende ansikt når ein les boka. Mulig det berre er meg.
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Ei kompleks og god Poirot-historie, med tvistar og vendingar som held seg godt 88 år seinare.
Avslutninga – 8
TOTAL: 7,6