«Det lukka rom»
Ein mann har tilsynelatande teke livet av seg inne på eit låst rom. Poirot vert kalla til åstaden, og mistenker at det ikkje dreier seg om sjølvmord likevel.
Denne novella kom opprinnelig ut i eit blad under tittelen «The Second Gong» i 1932, men Agatha Christie skreiv den litt lenger og ga den ut under ny tittel i samlinga «Murder in the Mews» i 1937.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du kan like eit godt lukka rom-mysterium.
(1937)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein mann vert funnen død, innelåst på eit rom. Alt tyder på at alt anna enn sjølvmord er utelukka, heilt til Hercule Poirot dukkar opp.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 8
Sidan denne er noko kortare enn den gjennomsnittlege Poirot-boka, så opplevast tempoet som litt høgare enn vanleg. Ikkje noko i vegen med det i 2022.
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Ei bok som minner om litt om det nylig leste Beck-mysteriet «Det lukkede rom«. Spennande novelle som var eit nytt bekjentskap for min del, som alltid er bra, når ein føler ein har sett alt av Poirot fleire gonger.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,4