Poirot tek til scena
Dette er opprinnelig eit skodespel, faktisk det fyrste Agatha Christie skreiv, så vidt eg har forstått.
Vitenskapsmannen Sir Claud Amory oppdagar at nokon har stole formelen til eit atomsprengstoff som han har utvikla. Tjuven må vere ein i huset, og Amory tilkallar Poirot for å finne ut av det. Men så vert Amory forgifta, og det er åpenbart at den same personen i hushaldninga hans står bak både tjuveriet og drapet.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på om Poirot er annaleis i skodespel enn han er på tv eller i bøkene.
(1930)
Vurdering:
Plottet – 8
Nokon stjel viktige papir frå ein vitenskapsmann, og det er utvilsomt ein av dei som bur i huset saman med han, som står bak. Poirot vert henta inn for å finne ut av det, men kjem ikkje tidsnok til å berge livet til vitenskapsmannen.
Karakterane – 8
Eit toppa lag, med både Poirot, Hastings og Japp. Kan du ønske meir?
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Ei litt annleis historie, som framleis har den klassiske Poirot-stemninga.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,3