Kan Christie fungere utan Poirot eller Marple?
Noko så sjeldan som ei Agatha Christie-historie utan Hercule Poirot og Miss Marple. Det er litt Ariadne Oliver med, om ikkje anna.
Hovudpersonen er Mark Easterbrook, som vert vitne til to jenter som krangler på ein bar, og litt seinare får vite at den eine av dei to er død. Seinare fortel ei venninne om noko som vert kalla The Pale Horse, ein slags organisasjon som kan ta livet av folk på bestilling. Så vert presten Gorman drept, og Easterbrook finn ei liste med namn i skoen hans, der både namnet til presten, den døde kvinna frå baren, og ein nær bekjent at Easterbrook står oppført. Det heile vert toppa av at forfattaren Ariadne Oliver kjem inn i bildet, og fortel om eit hus der det bor tre hekser. Huset var tidlegare eit vertshus som heite nettop The Pale Horse.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du så klart er spent på korleis det er å lese ei Agatha Christie-historie utan nokon av dei to store.
(1961)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei lang rekke hendingar fører Mark Easterbrook til eit hus der det bur tre hekser. I baggasjen har han ei liste med etternamn, funne på ein død mann. Ei liste over tre mennesker han har møtt, rett før dei døde.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Historia er god, og kunne like gjerne vore ei Miss Marple-historie. Litt tamt til tider, og litt for seig til å måle seg med dei beste Christie-bøkene.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,5