RSS

Agatha Christie – THE SECRET OF CHIMNEYS

02 Nov

thesecretofchimneysNoko heilt anna frå krimdronninga

Eventyraren Anthony Cade reiser til London med eit manuskript som muligens kan inneholde politisk dynamitt angåande det tidlegare monarkiet Herzoslovakia, og skal leverast til eit forlag. 

Samtidig overtalar politkaren George Lomax sin venn Lord Caterham til å arrangere ein samankomst på godset sitt, Chimneys. Til stades er fleire prominente gjestar, blant dei ein samlar som nettopp kjempar for å gjeninnsette monarkiet i Herzoslovakia. I løpet av kvelden på Chimneys, vert nokon drept. Cade vert vikla inn i begge sakene, og manuskriptet, som nokon prøver å stjele, står sentralt, saman med organisasjonen «Den Røde Hånds Liga». 

Sjefsinspektør Battle frå Scotland Yard vert tilkalla for å løyse saka. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på å lese den femte krimromanen til Agatha Christie, om den fjerde helten.

(1925)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein virvar av hendingar, kuliminerer med eit drap på ein herregård, og ein stat i aust-europa, der sterke krefter kjemper for å få gjeninnført monarkiet, står sentralt. 

Karakterane – 7
Dette var den femte krimromanen til Agatha Christie, og sjefsinspektør Battle er den fjerde krimhelten som har dukka opp så langt. Hercule Poirot var hovedperson i både den fyrste boka, Stylesmysteriet frå 1921, og den tredje, Den Åpne Graven, frå 1923. I den andre boka var det Tommy & Tuppence som var heltane, medan i den fjerde, var det Oberst Race, som også dukkar opp i Poirotbøkene Kortene på bordet og Døden på Nilen. 

Miljøskildring – 7

Språket – 7

Starten – 7

Sidesnuing – 7

Tempo – 6
Denne er både lang og sakte, så her skal ein ikkje forvente å miste pusten av actioninnslaga. 

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Ei omfattande, men litt tyngre historie. Usikker på om ein hadde gjetta forfattaren på denne om ein ikkje hadde visst det, såpass lite Agatha Christie-preg må den seiast å ha. 

Avslutninga – 7

TOTAL: 6,9

 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: