Ein meir «moderne» Beck
Kommisar Stig Nyman var aldri verken noko god politimann, eller ein godt likt. Snarare tvert i mot, han var ein av dei mest hata personane i politikorpset i Stockholm. No er han drept, nærast delt i to, i sjukehussenga han låg i. Så det er ikkje mangel på mistenkte.
Det endar i ei jakt på ein namngitt mistenkt, og det vert tøft for fleire. Dette er kanskje boka der Gunnvald Larsson verkeleg står fram som den råtassen han er i TV-serien.
Dette er den sjuande boka om Beck. Her er dei seks foregåande:
1. Roseanna
2. Mannen som gikk opp i røyk
3. Mannen på balkongen
4. Døden tar buss
5. Brannbilen som forsvant
6. Snut, snut, kaffegrut
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på korleis Gunnvald Larsson er når han går i Rambo-modus.
(1971)
Vurdering:
Plottet – 8
Nesten som i ein amerikansk actionfilm frå 80-talet, så jakter Beck og Gunnvald på ein bestialsk drapsmann, som har teke livet av ein svært upopulær politimann. Motivet er truleg hemn, men problemet for «polisen» er at det ikkje akkurat er FÅ som har det motivet.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 7
Tempo – 8
Denne boka skiljer seg frå dei foregåande ved at all handling skjer i løpet av eit døgn, og ikkje som ei langdryg etterforsking over veker og månader.
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Ei god og litt annleis bok i serien. Friskt, og med meir menneskejakt-action enn tidlegare.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,7