RSS

John Dickson Carr – CASTLE SKULL

09 Mar

castleskullInternasjonal gjeng på slottet

Den Hamlet-elskande skodespelaren Myron Allison vert drept i det gamle slottet «Schloss Schadel» eller Castle Skull, som ligg ved bredda til Rhinen, nær Koblenz i Tyskland. Slottet var tidlegare eigd av den eksentriske og mørke tryllekunstnaren Maleger, før han drukna i elva nokre år tidlegare. Henri Bencolin vert henta inn for å finne ut kva som skjedde med Allison, men dei underlege hendingane tek ikkje slutt av den grunn.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ein kontinental krim med internasjonalt galleri er rett opp di gate.

(1931)

Vurdering:

Plottet – 7
I eit myteomspunne slott langs bredda av Rhinen, vert ei amerikansk skodespelar funnet død. Han har like før blitt sett springande frå slottet. Den belgiske rikmannen Jerome D´Aunay tilkallar Bencolin frå Paris-politiet, for å finne ut av ting.  

Karakterane – 7
Ei internasjonal samling; detektiv frå Paris, rikmann frå Belgia, eit offer frå Tyskland, den gamle søstera til offeret som insisterer på å verte kalla hertuginne, ein fiolinvirtuos, ein journalist som reiser verda rundt og samlar på spøkelseshistorier og Bencolin sin tyske nemesis, baron Sigmund von Arnheim. I tillegg til dette ein magikar som har vore død i 17 år, men som no ser ut til å gå igjen.  

Miljøskildring – 7

Språket – 6

Starten – 7

Sidesnuing – 7

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Ei stemningsfull og litt mørk bok, der handlinga går litt sakte, men er svært variert og spekka med innhald. 

Avslutninga – 7

TOTAL: 6,9

 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: