Den døde og hevngjerrige legen
Apotekar Frykman, som kontrollerer vekslar for banken, oppdagar at ein god venn som er lege, Dr. Flodin, har begått underslag. Han veit han må sei frå, men gir legen ein frist på åtte dagar til å ordne opp, men dagen før fristen går ut, kastar doktor Flodin seg ut frå ei ferge. Han vert aldri funnen. Men så vert apotekaren funnen drept i apoteket, og to landstrykarar vert arrestert. Men ein felles venn av dei to, ein kaptein, veit at den einaste som hadde ein grunn til å ta livet av Frykman, er Flodin, som framleis ikkje er funnen.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gammal og klassisk norsk krim.
(1914)
Vurdering:
Plottet – 8
To menn, som står på kvar si side i ei underslag-sak, døyr med kort mellomrom. Men er begge døde?
Karakterane – 7
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Det heile kan kanskje virke ganske openbart, men det er tvistar og vendingar her.
Den gode kjensla – 8
Ein stemningsfull klassikar, om enn i eit litt treigare tempo enn det me er vande til i dag.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,3