Hei, hå, no er det krim i landsbyen igjen
Beatrice Adela Bradley er psykiater og detektiv, og skal feire jul med sin favorittnevø i Cotswolds. I området der dei bur, er det eit lokalt sagn om eit spøkelse, som heng i ein allé, Groaning Spinney (som er originaltittelen på boka), og er synleg med jamne mellomrom. No har nokon sett det igjen, samtidig som fleire i landsbyen får anonyme brev i posten.
Dette er bok nummer 23 av 66 om Mrs. Bradley. Bøkene til Gladys Mitchell fekk mykje skryt i si samtid, men har forsvunne heilt i ettertid, i motsetning til hennar kolleger i «The Detection Club», som Agatha Christie, Dorothy L. Sayers og G.K. Chesterton.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den gammal, trivelig, britisk landsbykrim.
(1950)
Vurdering:
Plottet – 7
Eit lokalt sagn om eit spøkelse, som innbyggjarane i den vesle landsbyen ikkje er heilt einige om opphavet til, er utgangspunktet i denne historia. I tillegg får fleire av dei anonyme brev tilsendt, tilsynelatande skrive på den same skrivemaskina.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 8
Det startar svært bra her, og minner om oppsparket til ei god Agatha Christie-historie.
Sidesnuing – 7
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ei bok som gir den gode gamle krim-stemninga, men til tross for ein god start, så flatar den litt for mykje ut etter kvart.
Avslutninga – 6
TOTAL: 7,0