RSS

John Rhode – DEATH AT BREAKFAST

25 Mar

deathatbreakfastSaktegåande klassikar

Victor Harleston veit at i dag er dagen han endelig skal verte ein rik mann. Men allereie ved frukosten går planen i vasken. Nokon har forgifta kaffien hans, og Victor er død før han har fått i seg frukostegget.  

Inspektør Hanslet frå Scotland Yard vert tilkalla, men dei manglande spora i saka, gjer at han tilkallar sin ven, vitenskapsmannen dr. Lancelot Priestley, eit unikum når det kjem til deduksjon i slike saker.  Saman nøster dei opp i dei nærast usynlige ledetrådane. 

John Rhode, eit pseudonym for Cecil Street, var ein særs produktiv forfattar, som skreiv 3-4 bøker i året, under like mange pseudonym. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim frå the Golden Age.

(1936)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein mann, som sjølv tenker han er på veg inn i sitt livs dag, fell død om etter å ha drukke ein kopp kaffe til frokost. Scotland Yard har lite å gå etter, men byrjar likevel sakte men sikkert å nøste i trådane. 

Karakterane – 7
Ein velkjent duo – etterforskaren og hans langt klokare venn og kollega, som hjelper han å løyse sakene. Fungerer særs godt her, i 40tals-innpakning.

Miljøskildring – 7

Språket – 7

Starten – 8

Sidesnuing – 7

Tempo – 6
Det går sakte, men så vert det også understreka i historia at denne duoen er ein gjeng som jobbar i sakte tempo. 

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Stemningsfull og litt annaleis klassikar. Langdryg og sakte, men likevel spennande og interessant lesning. 

Avslutninga – 7

TOTAL: 7,0

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 25/03/2023 tommar 40-talet, england, gift, politi, rhode, vinter

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: