RSS

E. C. R. Lorac – THESE NAMES MAKE CLUES

28 Mar

thesenamesmakecluesSelskapsleik som går gale

Den berømte forleggaren Graham Coombe inviterer ei gruppe krimforfattarar, samt sjefsinspektør MacDonald frå Scotland Yard, til ein kveld med litterær skattejakt. Ingen av deltakarane har møtt kvarandre frå før, då dei fleste skriv under pseudonym, og sjeldan viser ansiktet sitt. I tillegg får alle utdelt eit nytt litterært pseudonym når dei kjem, så ingen skal vite kven dei andre er. 

Men, all førebuing og hemmeligheitshald til tross, konkurransen er knapt i gong, før ein av deltakarane, med det utdelte namnet Samuel Pepys, vert funnen død på eit kontor deltakarane får bruke til å ta telefonar, for å finne løysingar på gåtene dei jobbar med. 

MacDonald må løyse den uoversiktlige saka, som ikkje akkurat vert noko enklare av at heile huset er fullt av folk med falsk identitet, som leiter etter skjulte spor, som MacDonald må avgjere om er ekte eller ein del av leiken.

Forfattaren, som også var glad i leik med namn, heiter egentlig Edith Caroline Rivett (ECR), men var kalla Carol, og la kallenamnet sitt baklengs, og brukte det som forfattarnamn, Lorac. Ho var medlem av the Detection Club, og ein av forfattarane som inngår i the Golden Age of Detective fiction.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode gamle gåteløysande krimhistoriene.

(1937)

Vurdering:

Plottet – 8
Det som skulle vere eit mystisk og spennande selskap der gåter skulle løysast av dei skarpaste hjernene i England, ender opp med drap, i eit kaotisk og uoversiktlig hus, der fellene som er lagt ut for å forvirre deltakarane, no står i fare for å gjere det samme for etterforskar Robert MacDonald frå Scotland Yard. 

Karakterane – 7

Miljøskildring – 8

Språket – 7

Starten – 8

Sidesnuing – 7

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 8
Sjølv om den, som så mange av sine samtidige krimhistorier, virker for lang og omstendelig etter moderne standard, er denne både stemningsfull og til tider småmorsom, samt så klart spennande.

Avslutninga – 7

TOTAL: 7,4

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/03/2023 tommar england, forfattar, lorac, politi

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: