Eit spennande bekjentskap
Eit eldre ektepar vert funne døde på eit japansk spahotell i Sverige. Kort tid tidlegare vart ein kjend kvinnelig skodespelar funnen bevisstlaus på same hotellet. Begge deler ser ut til å vere ulukker, men det er noko som skurrer. Emma Sköld er etterforskaren som skal løyse saka, og heldigvis for henne, har systera Josefin nylig hatt noko med hotellet Yasuragi å gjere.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar svensk krim med ein tvist.
(2012)
Vurdering:
Plottet – 7
På spahotellet Yasuragi vert folk funne både bevisstlause og døde, og politiet etterforskar ein samanheng.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 6
Den største svakheita i denne boka er introduksjonen av motivet og bakgrunnshistoria til gjerningane, som ikkje er i takt med resten, og som ikkje let lesaren vere med på løysinga.
Den gode kjensla – 7
Ei ganske grei bok til tider, men løysing og motiv er ikkje godt nok. Men her er det forbedringspotensiale og sidan eg allereie har lest bok 3 i serien, veit eg det blir bedre.
Avslutninga – 6
TOTAL: 7,1