RSS

Sofie Sarenbrant – AVDELING 73

05 Apr

avdeling73Sjeldan tynn suppe

Emma Sköld vaknar opp frå koma, etter ei rideulukke omlag eit halvt år tidlegare, då dottera berre var 4 veker gammal. Sambuaren Kristoffer har bedt eks-kjærasten sin om å hjelpe å passe dottera deira, og dermed er forviklingane i gong.

Ei svært svak og uspennande historie, eit plott som har vore gjort bedre før, og kanskje den mest forutsigbare boka ein har lest i dei siste åra.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fan av Sofie Sarenbrant og Emma Sköld.

(2015)

Vurdering:

Plottet – 6
Etter at etterforskar Emma Sköld vaknar frå koma, prøver nokon å ta livet av henne, nokon i hennar næraste omgongskrets vert angripe, og dottera vert trua. Sjølv er ho lenka til sjukesenga, og må stole på at kollegaen Thomas «Nylle» Nylén finn ut av ting, sjølv om han vert motarbeida av blant andre Emma sin eigen far.

Karakterane – 7

Miljøskildring – 7

Språket – 7
Heilt greit, litt sakte, MEN: Ved fleire anledninger i boka, så vert det gjort hopp utan å forklare det, så karakterane veit meir enn dei burde, basert på den infoen me har fått. Dersom dette ikkje er eit grep, som på eit eller anna tidspunkt vert forklart til oss, så er det for slapt.

Starten – 6
Det tek svært lenge før det skjer noko av interesse.

Sidesnuing – 6

Tempo – 6

Forutsigbarheit – 6
Sjeldan har ei bok vore så gjennomsiktig som dette.

Den gode kjensla – 5
Etter tre bøker i stigande grad av spenning, så er dette eit kraftig steg tilbake. Ei unødvendig bok; lite spennande skjer, altfor forutsigbart, og eit forsøk på å ta lesaren på senga heilt på tampen, ved å introdusere noko heilt nytt, som aldri har vore antyda tidlegare, held berre ikkje.

Avslutninga – 6

TOTAL: 6,2

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: