RSS

Kategoriarkiv: 50-talet

Mary Kelly – THE SPOILT KILL

thespoiltkillNybrottsarbeid i klassisk krim

Privatdetektiven Hedley Nicholson vert hyra inn for å avdekke industrispionasje i det gamle, ærverdige Stoke-firmaet Shentall´s, som har laga keramikk gjennom generasjonar. No er det eit utanlandsk billigmerke som kopierer designet til Shentall´s. Nicholson knytter fort tette band med ei av dei ansatte, designaren Corinna Wakefield. Så vert eit lik funne i ein av tankane Shentall´s oppbevarer leire i, og saka tek ei ny vending.

Denne boka vann the Gold Dagger Award i 1961, og slo blant anna John Le Carré si «Call for the Dead». Den vert omtala som ei av dei mest originale privatdetektiv-historiene i krimlitteraturen.  

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for dei gamle privatdetektivane.

(1961)

Les meir

Reklame
 

Maria Lang – MORD I ONDSKAPENS HUS

mordiondskapenshusTittelen går veldig høgt ut

Handlinga foregår i ein bygård der bebuarane er mest opptekne av kven som har fått dei største leiligheitene, og kven dei vil helse på og ikkje. Og på eit tidspunkt har nokre hundrelappar forsvunne, og mange har ei meining om kven som står bak. Og når ein av dei hovudmistenkte vert funnen død i leiligheita si, og det flaks at Christer Wijk har vore på nokre deitar med ei som bur her. Dette er 11.boka om Christer, Puck og Einar. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ufarleg og koseleg svensk krim. 

(1959)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 09/07/2022 tommar 50-talet, lang, politi, stockholm, sverige

 

Maria Lang – MORD I AUGUST

mordiaugustIkkje lov å myrde på hytta

Puck får låne hytta til tanta si, Ottie. Men Ottie advarer mot naboane, og ber Puck halde eit auge med dei. Naboen Adele Renman er ein tyrann i nabolaget, og det ligg vel i korta at det ikkje er lenge før det skjer eit drap i denne hytteidyllen i Roslagen.

Dette er opprinneleg nr 8 i serien, dei er i litt anna rekkefølge på norsk, ser eg no.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du ikkje får nok av Puck Bure og Christer Wijk. 

(1956)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/05/2022 tommar 50-talet, hytte, lang, politi, sverige

 

Maria Lang – FARLIGE DRØMMER

farligedrømmerDen utålelige forfattaren

Den unge sekretæren Malin får jobben med å skrive ut den hensynslause og mislikte forfattaren Andreas Hallman si siste bok. Det er trykka stemning i huset frå det øyeblikket ho kjem, og det blir ikkje bedre stemning av at det blir begått eit drap der, for å sei det sånn. Christer Wijk kjem til, og når Malin fortel han det ho veit, vert ho minst like upopulær som forfattaren sjølv.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Christer Wijk si mysterieløysing. 

(1958)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/05/2022 tommar 50-talet, forfattar, lang, politi, sverige

 

Maria Lang – LILJEKONVALL ER HVIT SOM SNØ

liljekonvallerhvitsomsnøEi gravferd, null bryllaup

Anneli Hammar forsvinn dagen før bryllaupet sitt, etter eit besøk i blomsterbutikken. Christer Wijk kjem til Skoga for å delta i bryllaupet, og finn ein småby i kaos. Christer er den som til slutt finn Anneli, død i vannkanten, med ein bukett liljekonvall i hendene. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sett serien på TV, og likar drapa dine lette og koselige. 

(1957)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/05/2022 tommar 50-talet, landsbygda, lang, sverige

 

Bernhard Borge – SKJULT MØNSTER

skultmønsterEin skjult juvel?

Ein av fire bøker i psykoanalyse/grøss-gata, der denne kanskje er den minst kjende. De Dødes Tjern, Døde Menn Går i Land og Nattmennesket er dei tre andre.  

Den unge Irene Cramer sit på toget på vei til fjells med ein familievenn, då ho får panikk og hoppar på toget tilbake til Oslo. Der flyttar ho inn i ei hytte i skauen, med nokre kameratar, der ein av dei er ein psykoanalytikar under opplæring.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du elskar Bernhard Borge-bøkene.

(1950)

Les meir

 
 

Frits de Bourg – DØDENS ELV

dødenselvKompleks retrokrim

Det startar med eit smell, bokstavelig talt. Ein mann har sendt ut 15 invitasjonar til sitt eige sjølvmord, der han sprenger seg sjølv i lufta i ei tønne. Men kven er han, og kvifor er frilansjournalist Nicolay Wolff ein av dei inviterte? I søket etter svaret, vert Wolff jaga av ein MC-bande, og ender opp på ein psykiatrisk institusjon, der ting ikkje tåler dagens lys.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med ein presis tidskoloritt. 

(2015)

Les meir

 

Maria Lang – SE, DØDEN VENTER PÅ DEG

sedødenventerpådegMord i slottsteateret

Puck har vorte god venn med ein gjeng som skal sette opp Mozart-operaen Cosi Fan Tutte på Drottningholm Slottsteater. Det er gnisningar mellom dei store egoa allereie frå starten av, og det endar sjølvsagt med at ein av dei dukkar opp død, i ei kasse ein bruker for å lage tordenvér i operaen. 

Alle dei andre kan sjåast på som mistenkte, og utan Christer Wijk til å løyse det, kan det virke som om Puck sjølv kjem for nær inn på mordaren.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar lett og ledig samlebandskrim. 

(1955)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/08/2021 tommar 50-talet, lang, opera, stockholm, sverige, teater

 

Maria Lang – MORD PÅ KIRKEGÅRDEN

mordpåkirkegårdenSommarkrim rundt juletider

Denne gongen er handlinga lagt til jula, men likevel føles det som ein lett og ukomplisert sommarkrim.

Puck og Einar feirer jul med hennar familie, på prestegarden til onkelen, då ein av naboane, kjøpmannen Arne, vert funnen død i sin eigen butikk. Christer Wijk får kjapt kokt det heile ned til at svært få kan stå bak, og dei fleste har feira jul med Puck og familien. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god, gammal britisk krim, der stemninga er viktigare enn sjølve mysteriet. 

(1954)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 13/08/2021 tommar 50-talet, familie, jul, landsbygda, lang, sverige

 

Maria Lang – ROSER, KYSS OG DØDEN

roserkyssogdødenUspennande idyll

Christer Wijk har forlova seg, og Puck og Einar reiser til den komande svigerfamilien hans, for å helse på. Det startar med ein herregardsidyll, med ein imponerande rosehagen, men det tek ikkje lang tid før far i huset, Fredrik Malmer, vert alvorleg sjuk, og døyr veldig brått. Eit anna familiemedlem, som skulle vake ved sjukesenga, vert funnen i unormal djup søvn. Noko er åpenbart ikkje som det skal vere, men det virker ikkje som om Christer Wijk vil prøve å finne ut av det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim blant roser, teselskap og rike gamlingar. 

(1953)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/08/2021 tommar 50-talet, familie, gamle dagar, lang, sverige