RSS

Kategoriarkiv: 90-talet

Ragnar Jonasson – ØYA

øyaDrap i islandsk idyll

I 1987 vert ei ung kvinne funnen drept på hytta. Saka smadrar ei heil familie. Ti år fram i tid samlar dei fire næraste vennane til den drepte seg på den idylliske øya Ellidaey (google den, du har heilt sikkert sett bilda). Men ein av dei fire overlever ikkje turen, og politiet meiner det er drap.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for mørket og mystikken i islandsk krim.

(2016)

Les meir

Reklame
 
 

Val McDermid – ARR PÅ SJELEN

arrpåsjelenForsvinningar og tv-kjendisar

Unge jenter forsvinn i Nord-England, og politiet står utan spor. Ein av elevane til Tony Hill finn ein samanheng mellom 7 forsvinninger, om enn noko spesiell: Det har vore show med ein svært populær tv-kjendis på staden der jentene har forsvunne. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for påskekrimhelten Tony Hill og hans psykologiske tilnærming. 

(1997)

Les meir

 
 

Egil Birkeland, Bjørnar Pedersen – DØDE TING

dødetingPirattaxi, brannstifting og anna moro

Mowinckels Hospits brenn ned, og nattevakta, som Elmer Henriksen har hatt kontakt med, døyr i brannen. Hospitseigaren meiner brannen er påsett, og vil at Henriksen skal sjå på saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som harselerer litt med sjangeren.

(2008)

Les meir

 

Egil Birkeland & Bjørnar Pedersen – HILLMAN HUNTER

hilmanhunterHumorkrim med internasjonalt snitt

Usikker på om denne krimhelten, med utgangspunkt i Herreavdelingen på NRK, er satire, eller seriøs krim, men eg syns det funkar. Spennande og omfattande historie, som bruker virkemiddel frå dei store spenningsklassikarane, i ei røre som omfattar drap, politisk makt, doping og ikkje minst OL på Lillehammer. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim med humor og høg underhaldningsverdi.

(2000)

Les meir

 
 

Michel Bussi – TIDEN ER EN MORDER

Spøkelser frå fortida

For 27 år sidan køyrde ei familie på 4 utfor ei klippe på Korsika. Foreldra og sonen døydde, men den yngste, ei jente, overlevde på mirakuløst vis.

No er Clotilde 42, og tilbake på øya for fyrste gong, saman med mannen og tenåringsdottera. Ho får eit mystisk brev frå den avdøde mora, og mistenker at nokon held henne for narr, samstundes som ho ikkje klarer å la vere å tenke; kva om ho også overlevde?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar at ei krimbok skal vare lenge, og ikkje sluttar når den er på sitt beste.

(2016)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 13/07/2020 tommar 90-talet, bussi, camping, frankrike, korsika

 

Anders de la Motte – HØSTDÅD

Krimforteljing i verdsklasse

Fem ungdommar feirer at skulen er ferdig, og at dei skal i gong med vaksenlivet. Dei teltar ved ein ulovleg badeplass i eit nedlagt steinbrot, og snakker om alle framtidsplanane.

Morgonen etter ligg ein av dei og flyt død i vatnet. Det vert fastslått at det er ei ulukke, men familien til den døde nektar å slå seg til ro med dette. Og 27 år seinare prøver mora til den døde å overtale den nye politisjefen Anna Vespe til å ta opp gien saka. Den erfarne politietterforskaren, som nærast har måtte flykte frå si tidlegare stilling, merkar at ho får resten av bygda mot seg.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi den har alt: Ei fantastisk historie, solid persongalleri og trådar som vert nøsta opp på elegant vis.

(2017)

Les meir

 

Karin Fossum – DEN SOM FRYKTER ULVEN

Gisseldrama i skauen

Ei eldre dame vert funnen brutalt drept på småbruket sitt, og eit ungt vitne har sett bygdas galning, Erkki Johrma, forlate staden.

Samstundes vert den lokale banken rana, og ranaren tek med seg eit gissel. Tilfeldigheitene vil at dette gisselet er Erkki, den gale drapsmannen.

Ei bok som skil seg litt frå dei to fyrste i Sejer-serien.

(1997)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/06/2018 tommar 90-talet, fossum, gissel, norge, politi, sejer, skog

 

Karin Fossum – EVAS ØYE

Den fyrste Sejer

Den fyrste boka om Konrad Sejer. Ei kvinne og dottera hennar finn eit lik flytande i elva. Dottera får med seg mora til ein telefonkiosk for å ringe politiet, men mora ringer heller nokon andre.

Konrad Sejer må finne ut kva som har skjedd med den døde, og om det kan setjast i samanheng med eit anna nyleg drap.

(1995)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 16/06/2018 tommar 90-talet, fossum, norge, politi, sejer

 

Michel Bussi – ETTER STYRTEN

Ein umiddelbar favoritt

Eit ubeskrive blad for min del, men ein svært positiv overraskelse.

Etter ein tragisk flystyrt i alpane på 80-talet, er det berre ein einaste overlevande; eit lite spedbarn.

Når bestefaren kjem til sjukehuset for å hente henne, dukkar det opp nok ein bestefar, som også hadde eit barnebarn på flyet. Utan nokon kjenneteikn på nokon av dei to babyane, vert det ei vanskeleg sak for retten å bestemme kven som faktisk er den rette familia.

Den eine bestemora hyrer på detektiven Credule Grand-Duc, og gir han inntil barnet fyller 18 på å finne ut kven ho eigentleg er.

(2012)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 12/08/2017 tommar 80-talet, 90-talet, barn, bussi, detektiv, flystyrt, frankrike

 

Jørgen Gunnerud – KVINNEN FRA OLAF RYES PLASS

Eit nytt bekjentskap for min del.

I denne Oslokrimmen vert ei ung kvinne funnen drept, og som seg hør og bør, vert mannen arrestert for drapet. Men etterforskinga på Grünerløkka viser at alt ikkje er heilt som etterforskar Knut Moen trur.

(1996)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/03/2017 tommar 90-talet, gunnerud, norge, oslo, politi