RSS

Kategoriarkiv: afghanistan

Matthew Hall – OFFERLAMMET

offerlammetUro i rekkene

Bok nr 7 om Likskuedommaren:

Den britiske troppen har eit døgn igjen før heimreise frå Afghanistan, men siste kvelden forsvinn ein av soldatane. Ei patrulje vert sendt ut for å finne han, men havnar i bakhold, og ein mann vert drept, og to hardt skadde. Heime i England ventar ein militærlandsby på dei, og returen med to manglande og to skadde kjem som eit sjokk. Men når Jenny Cooper byrjar å sjå på ting, så viser det seg sjølvsagt at det er noko meir mellom linjene her. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim sett i eit militært miljø, der ein nøster opp i gamle saker.

(2017)

Les meir

Reklame
 

Terry Hayes – JEG ER PILEGRIM

jegerpilegrimEin pensjonert agent vert trukken tilbake i arbeid, når det viser seg at nokon har utført eit drap, basert på ei bok agenten har skrive.

Deretter vert agenten, Pilegrim, sendt på eit nytt oppdrag, der han må stoppe ein arabisk krigar og lege som har hemntankar og tilstrekkelig kunnskap til å sette den ultimate hemna ut i livet.

Omtala som ein thrillersensasjon i forkant, så her er forventingane høge. Og ein kan ikkje seie anna enn at dei innfridde. Her er det full gass frå starten av, og dei 800 sidene går unna som det skulle vore ei brosjyre om på eit A4-ark.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 28/12/2015 tommar afghanistan, cia, hayes, lege, politi, terror, tyrkia