RSS

Kategoriarkiv: afrika

Roslund & Hellström – TRE TIMER

tretimerMeir Piet Hoffmann-action

Den tredje boka med Piet Hoffmann som hovudperson. Denne gongen jobbar han i Afrika, med å beskytte naudhjelpstransportar, når han får ein oppdrag frå det svenske politiet. Ein kontainer med døde flyktningar vert funne i ei svensk hamn, og Ewert Grens og det svenske politiet treng hjelp til å finne menneskesmuglarane.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du har lese dei foregåande bøkene, så er du enig i at dette er noko av det fremste innan skandinavisk krimspenning dei siste åra.

(2018)

Les meir

Reklame
 

Robert Wilson – ONDSKAPENS KYST

onsdkapenskystDenne boka er den fjerde og siste i serien om Bruce Medway, brite som bur i Benin i Vest-Afrika.

Han vert tvinga til å ta på seg eit oppdrag for ein italiensk mafiaboss; å finne og drepe franskmannen Jean-Luc Marnier. Parallellt med dette får Medways gamle kompanjong, politimannen Bagado i oppgave å finne unge skulejenter som har forsvunne i byen Cotonou.

Medan Medway rotar seg djupar inn i løgner og problem for å berge sitt eige liv, kjem Bagado ingen veg i jakta på jentene.

(1998)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/12/2014 tommar afrika, barn, kidnapping, wilson

 

Roberto Costantini – ROTEN TIL DET ONDE

rotentildetondeDen andre boka i Costantini-trilogien

Denne gongen startar me i Tripoli, Libya, ein gong på slutten av 50-talet. Michele Balistreri veks opp saman med kompisane sine, italienaren Nico, og libyarane Ahmed og Karim. I nabohuset bor den amerikanske familia Hunt, med den flotte Hollywood-mora, og dottera Laura, som Michele har eit godt auge til.

Me følgjer utviklinga til gutane, som går frå ungar til ungdom, og frå leik til arbeid, og eigne forretningar, på begge sider av loven.

Eit drap og eit dødsfall splittar opp gjengen i Libya, og like etterpå kjem Gaddafi til makta, og italienarane flyttar heim.

Me hoppar til 1982, og politimannen Balistreri får eit drap i fanget, og tilfeldigheitene vil at ungdomsåra i Libya kjem friskt i minnet igjen.

(2012)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 27/08/2014 tommar 80-talet, afrika, costantini, italia, politi, roma

 

Eystein Hanssen – GIFTSTRØM

giftstromBok nummer to om Elli Rathke, og ei relativt spennande og actionprega bok.

Ein ung mann frå Uganda vert arrestert i Oslo, under ei narkotikasak, og han fortel om ein nordmann som er kidnappa i områda rundt Uganda, Kongo og Sudan. Men ingen i det offentlige Norge ser ut til å vite om kidnappinga. Så byrjar det dukke opp pakkar på ambassaden i Kampala, som inneheld bevis på at fredsforhandlaren Otto Kamperud er teken som gissel.

Så, og dette er ein av dei stadene der ein som lesar må legge godvilja til, og tenke Hollywood eller James Bond, så vert Elli Rathke send åleine til jungelen i Uganda for å frigi gisselet.

Ei spennande bok, og Eystein Hanssen viser seg som ein slags norsk Wilbur Smith i denne boka. Spennande, men som nemnt, ein må ha på seg Hollywoodbrillene ein del stader her, for å kjøpe logikken. Men spennande lesing, uansett.

(2011)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 17/05/2013 tommar afrika, hanssen, norge, politi

 

Wilbur Smith – ASSEGAI

Sette meg ned med det eg trudde var ein krim i god gammal 80-talsstil, men den gong ei. Assegai handlar om afrikanaren Leon Courtney som driv med storviltjakt for rike europearar og amerikanarar ein gong før fyrste verdskrigen.

Han får ein stor tysk kunde på kroken, og møter ei mystisk kvinne, og det snurpar seg saman til ei spennande historie. Men nokon krim er det nok neppe, så eg orkar ikkje gå gjennom karaktersystemet med denne.

Men starten er altfor langsom og sein, og det einaste som heldt meg gåande var trua på at dette var ein krim, og at me skulle kome til poenget snart. Men utover i boka tek deg seg opp og vert ganske spennande. Likevel, sett med krimauge, ein 700-siders bomtur.

(2009)

 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/02/2012 tommar afrika, smith

 

Jo Nesbø – PANSERHJERTE

Meir blodig Hole enn tidlegare

Etter oppgjeret med Snømannen, har Harry Hole rømt til Hong Kong, der han driv med ein slags sjølvmedisinering.

Heime i Oslo vert to personar drepne på ein måte som berre kan forklarast som tortur av verste slag. Begge har drukna i sitt eige blod, og har stikksår på innsida av munnen. Politiet gjer alt dei kan for å få Hole tilbake til Oslo for å jobbe med saka.

Hole er enda lenger nede no enn han har vore tidlegare, og slit med både den eine og den andre demonen. Dop, alkohol, lengselen etter Rakel, og ein far som ligg for døden.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som går litt over til det bestialske.

(2009)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 29/09/2009 tommar afrika, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi

 

Alexander McCall Smith – THE NO.1 LADIES’ DETECTIVE AGENCY

Mma Ramotswe er den einaste kvinnelege privatdetektiven i Botswana. Ho har arva nokre pengar etter faren sin, og set opp sitt eige byrå.

Tenkte å gi denne serien ein sjanse, ettersom den har vore veldig populær i fleire land, men vart litt skuffa.

Sakene detektiven løyser er litt enkle, og det er ikkje veldig spennande for oss som lesarar. Dessutan høvlar ho sikkert over meir enn 15 saker i løpet av 250 sider.

Sakene handlar om døtre som har kome på avvegar, ektemenn ein lurer på kva driv på med og så vidare.

(1999)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 30/07/2005 tommar afrika, detektiv, mccall smith