RSS

Kategoriarkiv: agent

Harlan Coben – LIVSTEGN

livstegnKrimthriller i sportsverda

Den fyrste boka i serien om sportsagenten Myron Bolitar. Bolitar har fått sin fyrste store klient, basketballtalentet Christian Steele, som alle meiner er den neste store. Steele har klart seg gjennom ei tøff tid, etter at kjæresten hans forsvann sporlaust, og er antatt død. Så ringer ho plutselig til Steele, og verda vert snudd opp ned. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Harlan Coben truleg er tidenes beste spenningsforfattar, og du er spent på korleis han takler sportskrim. 

(1995)

Les meir

Reklame
 
 

Ken Follett – NÅLEN

Alle agent-thrillerar si mor

Ein tysk spion i England må flykte, etter at han vert ferska av husvertinna si i det han skal sende ei hemmelig melding til Tyskland, og må drepe henne.

Under krigen er han den einaste gjenverande tyske spionen som britane ikkje har fått over på si side, eller teke livet av. Og til alt overmål avslører han ein gigantisk bløff, som kan gi tyskarane svaret på kvar dei allierte vil gå i land i Frankrike på D-Dagen. No må han berre rekke til Aberdeen, og komme seg ombord i ein tysk ubåt, og få overlevert informasjonen, før han vert stoppa.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er ein sucker for spionkrim frå krigen, og då er dette kanskje sjølve moderskipet.

(1978)

Les meir

 

David Baldacci – FRELS OSS FRA DET ONDE

Samlebandsthriller

Agenten Shaw er i Frankrike for å stoppe den mystiske Evan Waller: Ein mann som har gjort seg svært rik på kriminalitet, men som no har vorte for farleg, og må stoppast.

Men Shaw er ikkje den einaste som er ute etter Waller, og dei to agentane står i fare for å gå i vegen for kvarandre i jakta.

(2010)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/09/2017 tommar agent, baldacci, canada, frankrike