RSS

Kategoriarkiv: akunin

Boris Akunin – VINTERDRONNINGEN

Den fyrste boka om Fandorin. Var veldig i tvil om Tyrkisk Gambit, som står omtalt lenger nede. Det var bok nummer to, og heilt grei, men litt seig. Lot likevel bok nr 1 få ein sjanse, sidan eg no har dei fem fyrste ståande uleste i hylla.

Og denne leverte bedre enn den andre. Fandorin er ung og har nettopp fått jobb i politiet. Han etterforskar ein ung rik mann som har tatt livet av seg, tilsynelatande fordi han har fått nei på eit frieri frå ei ung jente han nettopp har møtt.

Fandorin rullar opp ein større organisasjon, og reiser rundt i Europa, som det nye stjerneskotet i russisk politi.

Fysst og fremst er det historia som er mykje sterkare her enn i den andre boka. Me vert bedre kjende med Fandorin, og forstår mykje meir av karakteren, noko som til tider var litt forvirrande i bok nummer to. Plottet er spennande, og med stadige tvistar.

Definitivt bedre enn Tyrkisk Gambit, og eg gler meg til å setje i gong med den tredje boka i serien.

(1998)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 16/07/2008 tommar akunin, fandorin, russland

 

Boris Akunin – TYRKISK GAMBIT

«Fandorins andre sak»

Burde sjølvsagt starta på nr 1, men det viser seg at eg berre hadde 2-5 i bokhylla, så då vart det denne.

Akunin er et pseudonym brukt av georgiaren Grigori Tchkhartishvili, og bøkene handlar om russaren Erast Fandorin. I denne boka er me i Romania og Serbia, der russarane prøver å ta Tyrkia. Me møter Fandorin, som er ein ung veteran i hæren, og har ei noko avslappa rolle. I tillegg møter me Varvara Suvorova, ei ung kvinne som er på veg til fronten for å finne forloveden sin. Eit ganske lite karaktergalleri, med diverse offiserar og korrespondentar, men handlinga er det ikkje kjempedriv i.

Det er lenge usikkert kva som er saka i boka, men etter kvart viser det seg at det er ein spion i rekkene, og Fandorin skal finne han. Ganske enkelt, ikkje veldig intrikat, men i følge andre omtalar relativt tru mot det historiske perspektivet.

Skal gi bok nr 1 ein sjanse, og håper den er bedre enn denne.

(1998)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 20/05/2008 tommar akunin, fandorin, krig, russland, soldat