RSS

Kategoriarkiv: akureyri

Arni Thorarinsson – DEN SJUENDE SØNNEN

densjuendesønnenUtkantkrim frå Island

Journalisten Einar er i Isafjördur, langt vest og avsidesliggande, sjølv til Island å vere. Han skal eigentleg skrive ei sak om den hanglande økonomien i utkantane, men så skjer ting fort. Eit verneverdig hus brenn ned, Einar og eigaren av huset vert nesten køyrt ned av stolen bobil under eit intervju, og to personar forsvinn, den eine av dei ei tidlegare fotballspelar som har hatt suksess i utlandet. Einar legg distrikstøkonomien til sides, for å nøste i hop trådane.

NB: Styr unna lydboka. Innlesaren gir kvar karakter eigne stemmer, noko som får det til å høyres ut som ei episode av Postmann Pat til tider.

Dette er den sjette boka om Einar «bladamann», som han heiter på islandsk wikipedia.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det litt askegrå teppet som ligg over islandsk bygdekrim.

(2008)

Les meir

Reklame
 

Arni Thorarinsson – HEKSENS TID

Islandsk småbyaction

Ei kvinne døyr i ei raftingulukke i Akureyri, der journalisten Einar motvillig har vorte plassert for å lage distriktsstoff for avisa. Medan det spekulerast i om det er ei ulukke eller ikkje, vert Einar beden om å skrive om krangling mellom dei lokale og utanlandske arbeidarar.

Så forsvinn ein ung gut frå staden. Han har hovudrolla i eit teaterstykke, og har vore litt rar før han vart vekke. Og plutselig var det ikkje så kjedelig å vere sendt langt ut på bygda likevel.

(2005)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 08/03/2019 tommar akureyri, island, journalist, thorarinsson