Klassisk hotellmysterium
Hotellkrim frå tida før det vart parodisk. I 1921 var det sikkert ingen som rynka på bryna av at krimplottet vart lagt til eit herskapeleg hotell langt inne i skogen, med eit kobbel av internasjonale gjestar, mens me i dag føler me har sett det 1000 gonger.
Men, om boka: I følge wikipedia, den 92. av dei 116 bøkene til Riverton (Sven Elvestad).
Tidleg på sommaren kjem det ein buss med nye gjestar til det flotte Grand Hotel Excelsior, langt inne i det aude Norge. Utanlandske gjestar, kjende gjestar og mystiske gjestar. Så byrjar dei uhyggelege, mystiske tinga å skje, og det er berre eit tidsspørsmål før me får det fyrste drapet.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gamle, klassiske krimhistoriene som får deg til å kjenne lukta av piperøyk, og høyre lyden av tweedjakke mot Chesterfieldsofa.
(1921)
Les meir