RSS

Kategoriarkiv: attentat

Sjöwall & Wahlöö – TERRORISTENE

terroristeneSpennande etter ein tung start

Beck er vitne i ei sak der ei ung kvinne er skulda for å ha prøvd å rane ein bank. Samstundes er Gunvald Larsson i Spania, der han vert vitne til eit attentat på ein statsleiar. Like etter skal Sverige vere vertskap for ein svært upopulær amerikansk senator, og rykta går om at same organisasjon som stod bak attentatet i Spania, no kjem til Sverige.

Dette er den tiande og siste boka om Beck. Per Wahlöö døde rett før boka vart ferdig, så Maj Sjöwall måtte gjere den ferdig åleine. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du vil ha med deg slutten på Beck-universet i bokform.

(1975)

Les meir

Reklame
 

Agatha Christie – THE SECRET OF CHIMNEYS

thesecretofchimneysNoko heilt anna frå krimdronninga

Eventyraren Anthony Cade reiser til London med eit manuskript som muligens kan inneholde politisk dynamitt angåande det tidlegare monarkiet Herzoslovakia, og skal leverast til eit forlag. 

Samtidig overtalar politkaren George Lomax sin venn Lord Caterham til å arrangere ein samankomst på godset sitt, Chimneys. Til stades er fleire prominente gjestar, blant dei ein samlar som nettopp kjempar for å gjeninnsette monarkiet i Herzoslovakia. I løpet av kvelden på Chimneys, vert nokon drept. Cade vert vikla inn i begge sakene, og manuskriptet, som nokon prøver å stjele, står sentralt, saman med organisasjonen «Den Røde Hånds Liga». 

Sjefsinspektør Battle frå Scotland Yard vert tilkalla for å løyse saka. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er spent på å lese den femte krimromanen til Agatha Christie, om den fjerde helten.

(1925)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 02/11/2022 tommar attentat, aust europa, christie, england, kongehus, politi

 

Sjöwall & Wahlöö – SNUT, SNUT, KAFFEGRUT

snutsnutkaffegrutTreig og traust Beck

Bedriftstoppen Viktor Palmgren vert drept under ein middag på ein restaurant i Malmö, og drapsmannen hoppar ut av eit vindu og vert borte. Palmgren etterlet seg eit enormt imperium, og det er fleire som gjerne vil ha ein bit av det. Martin Beck vert henta frå Stockholm for å løyse saka. 

Dette er den sjette boka om Beck.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei klassiske Beck-historiene.

(1970)

Les meir

 

Jeffrey Deaver – KISTEDANSEREN

kistedanserenManglande variasjon

Lincoln Rhyme fattar interesser for ei drapssak, då drapsmannen med kallenamnet Kistedanseren sannsynlegvis er den som står bak. Ein drapsmann Rhyme har jakta lenge. Men sidan Rhyme er lenka til senga, er han avhengig av andre si hjelp, spesielt Amelia Sachs. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du elska Knokkelsamleren, og har lyst til å lese ei nesten identisk historie.

(1998)

Les meir

 

Øistein Borge – DET SOM ALDRI DØR

detsomaldridørNordirske familiehemmeligheiter

I bok nummer to om Bogart Bull, vert etterforskaren, som jobber med kriminalitet mot nordmenn i utlandet, sendt til Nord-Irland, for å hjelpe til i etterforskinga av drapet på ein norsk høgsterettsdommar og kona. Eller, sendt og sendt, halvt nordirske Bull er allereie i Nord-Irland for å besøke morfaren, og det viser seg at morfaren også ber på ei hemmelighet, som kan ha samanheng med saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar fartsfylt actionkrim.

(2017)

Les meir

 

Egil Birkeland, Bjørnar Pedersen – LYSTEN TIL DET ONDE

lystentildetondeAlle gode ting er tre, Hillman Hunter

Elmer Henriksen har sidan den forrige boka, site 3 år i fengsel for drapet han gjorde i den fyrste boka. Når han kjem ut av fengselet, har han bestemt seg for å halde seg på den smale sti, og leve stille og anonymt, men det varer ikkje lenge. Ein medfange får han opp i trøbbel, og han oppdagar at ein framståande politikar er i ferd med å verte utsett for eit attentat.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar å avslutte morsomme krimtrilogiar.

(2015)

Les meir

 

Lee Child – UTEN SVIK

utensvikJack Reacher vert kontakta av Secret Service, som vil han skal teste kor lett det er for ein attentatmann å ta livet av visepresidenten. Reacher gjer som han får beskjed om, men mistenker at det er meir enn ein test.

Og ikkje overraskande: Visepresidenten har fått konkrete truslar. og Secret Service vil ha Reacher si hjelp til å finne ut av det.

(2002)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/08/2015 tommar attentat, child, militæret, usa, washington dc