RSS

Kategoriarkiv: bankran

Jussi Adler-Olsen – SELFIES

selfiesDet bikkar over for fleire

Tre kvinner møtes på sosialkontoret, og finn ut at dei er leie av å gå der og be om pengar, så dei bestemmer seg for å rane ein bank. Samtidig har kunderådgivaren deira på sosialkontoret sett seg lei av disse tre, og etter sjølv å ha fått ei alvorleg kreftdiagnose, bestemmer ho seg for å rydde dei av vegen. 

I ein park i København vert ei eldre dame funnen drept, og det skal vise seg at disse sakene ikkje er heilt uavhengig av kvarandre. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Avdeling Q-universet.

(2016)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/11/2022 tommar adler-olsen, bankran, danmark, politi

 

Sjöwall & Wahlöö – DET LUKKEDE ROM

detlukkederomBeck sitt lukka rom-mysterie

Martin Beck er sakte på veg tilbake til arbeidslivet, og vert sett på ei «ufarleg» sak for å kome i gong. Ein mann vert funnen skoten i si eiga leiligheit, og han har åpenbart vore død ei stund. Det vert kjapt slått fast at det er sjølvmord, men det er ingen teikn til våpenet i leiligheita.

Parallelt med dette prøver Lennart Kollberg og Gunvald Larsson å løyse ei rekke bankran som herjar Stockholm. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi det godt lukka rom-mysterium aldri er å forakte.

(1972)

Les meir

 

H.C. Hansen – NATTREDAKTØREN

nattredaktørenSørlandsidyllen slår sprekker

«Nattredaktøren» er journalist i ein søvnig sørlandsk småby, som brått vert snudd på hovudet, då den lokale banken vert rana, og ei av dei ansatte i banken vert sterkt skada, og seinare døyr på sjukehuset.

Ein annan bankansatt, Marte, vert vitne til ranet, og saman med Nattredaktøren vil ho finne ut kva som skjedde med venninna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim i norsk småbyidyll.

(2010)

Les meir

 
 

Øvre Richter Frich – DE KNYTTEDE NEVER

Ein norsk Jason Bourne

Legen og meistertjuven Jonas Fjeld og hans kompanjong, den finske dvergen Ilmari Erko, som er både oppfinnar og geni (har laga eit metall som er sterkare enn stål og eit sprengstoff som er lyd- og lyslaust), utfører eit perfekt bankran i Christiania, og får med seg nesten ein halv million kroner i diverse valuta.

Politiet har inga aning om kven som har gjort det, men det har derimot ei rekke internasjonale forbrytarstorheiter; argentinaren Mario Heredia, franskmannen Francois Delma og den nederlandske muskelmannen Jaap van Huysman. Og disse kjem alle til Christiania for å få sin del av pengane, og også å få tak i geniet Erko.

Det vert ei katt- og musjakt som startar i Christiania og når sitt klimaks ein stad på Bergensbana.

(1911)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 23/11/2017 tommar 1910-1919, bankran, flukt, norge, oslo, richter frich, tog

 

Stikkord:

Jo Nesbø – SORGENFRI

Bankran som går feil. Eller?

Den fjerde boka. Denne gongen er det ein bankranar som skyt ei av dei ansatte i banken. Men Harry Hole synes det er rart at gisselet vert skota, når resten av ranet går så prikkfritt.

Hole vender seg til ein sigøyner og tidlegare bankranarlegende for å få hjelp i saka.

Nesbø vert bedre og bedre. Spennande frå start til mål. Og me vert kjende med nye, spennande karakterar.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du kan like ei temporik bankranar jakt.

(2002)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/03/2006 tommar bankran, harry hole, nesbø, norge, oslo, politi