RSS

Kategoriarkiv: barcelona

Dan Brown – OPPRINNELSE

Vanskeleg å ikkje verte hekta

Dette er den femte boka om Robert Langdon, og sjølv om handlingsmønsteret byrjar å verte ganske kjent, så er det framleis svært spennande.

Ein av Langdon sine tidlegare elevar, no ein milliardær i IT-bransjen, skal halde eit foredrag som han lovar vil endre korleis verda ser på religion. Men sterke krefter vil helst ikkje at denne oppdagelsen skal kome ut, og prøver å stoppe fyrst oppdagaren, og deretter Langdon.

(2017)

Les meir

Reklame
 
 

Alicia Gimenez-Bartlett – MØRKE NETTER I BARCELONA

Ei høgt anbefalt bok, skal ein tru det forlaget har skrive bakpå. Lev vel ikkje heilt opp til forventingane.

Ein aldrande etterforskar, og kollegaen hennar, får ei sak med ein uteliggar som har vorte drepen, tilsynelatande av snauskallar. Men det viser seg at vedkomande allereie var død då snauskallane banka han, men kvifor la dei då slik flid i å få det til å sjå ut som eit overfall?

Tung og innhaldsfattig, like greit å styre unna.

(2004)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/05/2012 tommar barcelona, gimenez-bartlett, politi, spania