RSS

Kategoriarkiv: barn

Henry James – TOMMESKRUEN

tommeskruenAlle skrekkhistoriers mor

Man ei bok eller tv-serie er basert på denne klassikaren frå Henry James. No sist Netflix-serien The Haunting of Bly Manor.

Historia vert fortalt framfor peisen i eit juleselskap. Søstera til opplesaren hadde ei gammal barnepike, og dette er historia hennar, før dei møttes.

Ho fekk i oppdrag å passe dei to borna Miles og Flora, på herregården Bly. Foreldra deira er døde, og det er onkelen som er arbeidsgivar. Men han bur ikkje på Bly, og vil heller ikkje høyre noko om korleis det går med ungane. Det er barnepika som har det ansvaret, saman med den eldre fru Grose, som er hushalderske på Bly. Etter ein stund oppdager barnepika to ukjente personar i hagen, og får vite at dette er Miss Jessel, den tidlegare barnepika og Peter Quint, som var ein del av tenarskapet. Begge er døde, men gir no igjen, med det mål for auget; å øydelegge borna.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det skumle og overnaturlege. 

(1898)

Les meir

Reklame
 

Matthew Hall – DE DØDES STEMME

De dødes stemmeEin lovande start i Wales

Den fyrste boka om Jenny Cooper, som er nyskilt, og har flytta over grensa til landsbygda i WalesHo får ein trøblete start i den nye jobben som likskuedommar, når ho får ei sak der der to ungdommar døyr, og begge har vore innom samme ungdomsfengsel. Det er vanskelig å finne ut av omstenda rundt det som har skjedd, i så stor grad at det kan virke som om nokon bevisst prøver å dekke over noko.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker, oppnøsting av trådar, og David mot Goliat.

(2009)

Les meir

 
 

S.J. Bolton – ALBATROSS

AlbatrossHard feelings på Falklandsøyene

Me er på Falklandsøyane på 90-talet. Catrin Quinn har mista begge borna sine i ei ulukke. Ho legg alle skuld på den tidlegare bestevenninna Rachel, som skulle ha ansvaret for dei. No er det snart årsdag for ulukka, og Catrin har planlagt si hevn: Ho skal ta livet av Rachel.

Men det skjer ting på dei isolerte øyene, som kan stikke kjeppar i hjula for planen. Blant anna har det forsvunne ein ung gut, ikkje heilt ulik dei døde søkene til Catrin, i året, dei siste tre åra.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for dei gode historiene til Bolton. 

(2015)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/01/2023 tommar barn, bolton, falklandsøyene, hevn

 

Arnaldur Indridason – DEN TAUSE MOREN

dentausemorenEi islandsk tragedie

Ei eldre kvinne vert funnen død i leiligheita si. Politiet finn telefonnummeret til Konrad på staden, og det viser seg at kvinna har prøvd å få tak i Konrad, for at han skulle finne eit barn ho måtte gi frå seg ved fødselen. Konrad takka nei, men angrar no, og tek på seg saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har fått smaken på Konrad, den pensjonerte politimannen. 

(2019)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/10/2022 tommar barn, indridason, island, politi, reykjavik

 

Lone Theils – HEKSEGUTTEN

hekseguttenBarnebortføring i London

Nora Sand har blitt kontakta av ein nigeriansk professor som jobber med å avsløre Boko Haram og bortføring av barn i Nigeria. Professoren vert borte for Nora på ein kirkegard i London, og dagen etter vert han funnen drept og mishandla på same stad. Samstundes er ei dansk realitystjerne og ein russisk oligark i bitre skilsmisseforhandlingar i London, og sonen deira vert kidnappa av ei kvinne i burka. Nora, som er Globalt sin London-korrespondent, dekker begge sakene.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar journalistkrim med fart og spenning. 

(2018)

Les meir

 

Arnaldur Indridason – JENTA VED BROEN

jentavedbroenEin god Konrad-krim

Den andre boka om Konrad, ein pensjonert islandsk politimann. Denne gongen er det eit eldre ektepar som tek kontakt, fordi dei er bekymra for barnebarnet Danni, som har forsvunne, etter å ha rota seg bort i narkotikasmugling.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du anerkjenner Indridason som ein av verdas beste krimforfattarar. 

(2018)

Les meir

 

Hanne Kristin Rohde – DET DU IKKE VET

detduikkevetCold case, bokstavelig talt

Eit spedbarn vert funne i ein frysar på Korsvoll. I huset bur den unge Ulrik, som har arva huset, etter at foreldra omkom i ei bilulukke fem år tidligare. Barnet har etter alt å døme vore dødt lenge, og ein byrjar leite i krinsen rundt faren til Ulrik, den steinrike Roger Riiber. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest dei andre Wilma Lind-bøkene, og har sansen. 

(2021)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/09/2022 tommar barn, norge, oslo, politi, rohde

 

Hanne Kristin Rohde – BARE ET BARN

bareetbarn1Eit steg i rett retning?

To born med afrikansk opprinnelse vert funne drepne på Frysja i Oslo, (nær Teknisk Museum), og på pressekonferansen etter funnet vert ein politiadvokat OG ein journalist skotne og drepne. Ein kvinneleg journalist vert arrestert for drapa på staden, men ho kan ikkje ha drept begge så og seie samtidig? Wilma Lind sat skulder mot skulder med advokaten som vart drept, og skal løyse saka om dei to borna, samtidig som eit anna politidistrikt skal løyse drapa på pressebriefen.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du leste den fyrste og er spent på om denne tek eit steg vidare. 

(2015)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 06/09/2022 tommar barn, norge, oslo, politi, rohde

 

CJ Tudor – DE ANDRE

deandreKomplekst og spennande

Gabe er på veg heim frå jobb, då han får auge på dottera Izzy i baksetet på ein framand bil. Han følger etter bilen til han mister den, men har ikkje batteri på telefonen, så han får ikkje ringt heim før han må stoppe. Då får han beskjed om at kona og dottera er drept av nokon som har brote seg inn i huset. Han prøver å overbevise politiet om at han nettopp har sett dottera. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intrikate historier, med mange tråder i aust og vest.

(2020)

Les meir

 
 

Ruth Lillegraven – AV MITT BLOD

avmittblodEin annleis oppfølgar

Landet ferske justisminister Clara Lofthus kjem heim til eit tomt hus. Tvillingane er borte, og ho får beskjed om at dersom ho varslar nokon, døyr dei. Berre ved hjelp av si nyutnevnte livvakt, ekssoldaten Stian, må Clara finne igjen sønene før det er for seint.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du slukte den fyrste boka om Clara Lofthus, og er spent på fortsetjinga.

(2021)

Les meir