RSS

Kategoriarkiv: båt

Sjöwall & Wahlöö – ROSEANNA

roseannaBeck begins…

Den aller fyrste boka om Martin Beck. 

Ei ung kvinne vert funnen mishandla og drept i ein kanal, og den einaste ledetråden politiet har, er at ho muligens har blitt kasta frå ein av båtane som går her. 

Etter mykje fomling i mørket, finn dei endelig ut identiteten hennar, ho er Roseanna McGraw, frå USA, på tur åleine i Skandinavia. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar serien om Beck, og er nysgjerrig på korleis det starta. 

(1965)

Les meir

 

Lone Theils – JENTENE FRA ENGLANDSBÅTEN

jentenefraenglandsbåptenForsvinning til havs

Nora Sand er London-korrespondent for eit dansk magasin. Ein dag kjøper ho ein gammal koffert i ein bruktbutikk langs Englandskysten, og i den kofferten finn ho eit bilde av to danske jenter som forsvann sporlaust frå Englandsbåten i 1985. Ingen veit kva som skjedde med jentene, og Nora Sand bestemmer seg for å lage ei sak om dei.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar uløyste saker og nordisk og britisk krim i skjønn foreining.

(2015)

Les meir

 

Ruth Ware – KVINNEN I LUGAR 10

Får aldri opp storseglet

Lo Blacklock, ein engelsk reisejournalist, får sjansen til å vere med på eit luksuscruise langs norskekysten. Men berre kort tid før cruiset, vert ho overfalt og rana i si eiga leiligheit, og når ho reiser for å skrive ei sak frå cruiset, slit ho framleis med traumer og sjølvmedisinering.

Ombord på skipet vert ho (einaste) vitne til at ein person vert kasta over bord. Det viser seg at ingen personar er sakna ombord, men Lo har møtt ei ung jente rett før, som ho er sikker på at er den som har forsvunne. Men etter kvart vert ho usikker på om ho verkeleg har møtt denne kvinna, eller om det berre er noko ho innbiller seg.

(2016)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/07/2017 tommar båt, cruise, england, forsvinning, havet, norge, skip, ware