Ein debutroman som har fått mykje skryt, men også litt peppar.
Ei mørk og dyster forteljing som nok er heilt i grenseland for kva som kan kallast krim. Onkelen til Steven Lamb, Billy, vart sannsynlegvis bortført, misbrukt og drepen av Arnold Avery, då han var 11-12 år gammal. Pedofile Avery sit i fengsel for fleire barnedrap, men tre av offera vart aldri funne.
Boka skildrar ei familie som har gått i knas etter at onkelen vart drepen. Steven og veslebroren hans bor med mora Lettie, og bestemora. Dei to siste har eit anstrengt forhold, fordi onkelen var favoritten til bestemora, og alt dette går utover ungane, då spesielt Steven som er eldst.
Steven har fått ein ide om at dersom han finn liket til onkelen oppe på myra, der dei andre offera vart funne, så vil bestemora verte glad igjen, og dei vert ei normal familie igjen. Så kvar dag er han oppe der og grev med ei gammal spade. Så sender han brev til Avery i fengselet, og historia tek ein vri.
(2010)