RSS

Kategoriarkiv: bjørk

Samuel Bjørk – ULVEN

bjørkulvenMia Krüger begins

Her får me historia om korleis Mia Krüger kom inn i politiet. To unge gutar vert funne drepne på eit jorde, og melllom dei ligg ein død rev. Saka minner veldig om ei sak i Sverige nokre år tidlegare. Mia Krüger imponerer Holger Munch med si evne til å lese åstaden, og får ei sentral rolle i etterforskinga. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har fått smaken på Samuel Bjørk i dei forrige bøkene

(2021)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 20/02/2022 tommar barn, bjørk, norge, politi, seriemordar, sverige

 

Samuel Bjørk – UGLEN

uglenEi ung kvinne vert funnen drept, i det som ber tydeleg preg av eit ritualdrap. Ein heim for vanskeligstilte barn i nærleiken vert tidleg sentral i saka, og ein (i overkant?) sliten Holger Munch må løyse saka saman med Mia Krüger og teamet.

(2015)

Les Meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/10/2015 tommar bjørk, norge, oslo, politi, ritual

 

Samuel Bjørk – DET HENGER EN ENGEL ALENE I SKOGEN

dethenger«Debuten» til Samuel Bjørk, som er eit pseudonym ingen førebels har klart å finne ut av. Men det er vel truleg at dette er ein forfattar (eller min personlege teori; forfattarar) som har skrive bøker før.

Ei seks år gammal jente vert funnen hengande død i eit tre. Med ransel på ryggen, og eit «jeg reiser alene»-skilt rundt halsen. Og ikkje lenge etter, vert ei ny jente funnen på same måte.

Holger Munch, som er utstasjonert på Hønefoss, vert henta tilbake til Oslo for å løyse saka. Saman med seg har han Mia Krüger, som har trukke seg tilbake til ei øy i Nord-Norge, utan andre ønsker enn å ta sitt eige liv.

Ein til tider svært spennande krim, der sidene flyg avgarde, men dessverre skortar det både på særpreg og slutt.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 04/11/2013 tommar barn, bjørk, hønefoss, norge, oslo, politi, sekt