RSS

Kategoriarkiv: borge (øistein)

Øistein Borge – BASTARDEN

bastardenEtterkrigsoppgjer

Ein jødisk nordmann reiser rundt i verda for å samle inn gjenstander som hans familie vart fråtekne under krigen. Dette fører han til Mallorca, men han kjem aldri heim frå øya. Bogart Bull har egentlig trukke seg tilbake, men etter litt om og men, vert han sendt nedover for å finne ut kva som skjedde med Aaron Bercow.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Bogart, og har likt dei tre foregåande. 

(2020)

Les meir

Reklame
 

Øistein Borge – JEG ER NUMMER 13

jegernummer13Dødelig kunst

Bogart Bull vert sendt til Amsterdam der ein norsk student vert drept i ein park. Drapsvåpenet er noko utanom det vanlege. I samme by går ein, i eigne auge, stor kunstnar rundt og ser etter nye kunstverk. Ikkje overraskande kryssar kunstnaren og kunstnarsonen stiar. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du det mørke og litt groteske. 

(2018)

Les meir

 
 

Øistein Borge – DET SOM ALDRI DØR

detsomaldridørNordirske familiehemmeligheiter

I bok nummer to om Bogart Bull, vert etterforskaren, som jobber med kriminalitet mot nordmenn i utlandet, sendt til Nord-Irland, for å hjelpe til i etterforskinga av drapet på ein norsk høgsterettsdommar og kona. Eller, sendt og sendt, halvt nordirske Bull er allereie i Nord-Irland for å besøke morfaren, og det viser seg at morfaren også ber på ei hemmelighet, som kan ha samanheng med saka.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar fartsfylt actionkrim.

(2017)

Les meir

 

Øistein Borge – DEN SYVENDE DEMON

densyvendedemonHevnkunst

Etter å ha mista familien i ei tragisk bilulukke, vert etterforskar Bogart Bull plassert i ei avdeling som skal jobbe med nordmenn som vert utsett for kriminalitet i utlandet. Den fyrste saka sender han til Sør-Frankrike, der ein svært rik nordmann vert funnen drept i luksusvillaen sin. Huset er fullt av verdiar, men det einaste som har forsvunne, er eit stygt lite bilde, tilsynelatande utan særleg verdi. Etterforskinga peiker bakover i tid, der både den kjende kunstnaren Matisse, og vår eigen Munch, er involvert.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som knytter notid og fortid, og blandar inn element som omhandlar historiske personar.

(2016)

Les meir