RSS

Kategoriarkiv: börjlind

Cilla & Rolf Börjlind – SVART DAGGRY

svartdaggry1Ei lita jente vert drept i Skåne, og litt seinare vert eit nytt drap begått i Stockholm, som liknar veldig.  Politiet mistenker kjapt rasistiske motiv.

Oliva Rønning og Mette Olsäter jobbar på kvar si av disse sakene, medan Tom Stilton får ei bok med utklipp frå ei gammal sak han jobba på, og aldri fekk løyst.

(2014)

Les meir

Reklame
 

Cilla & Rolf Börjlind – DEN TREDJE STEMMEN

dentredjestemmenDen andre boka om Tom Stilton og Olivia Rønning, som her endrar namn i starten av boka.

Den forrige boka var svært god, og plasserte seg heilt oppe på topp 3 blant dei 227 bøkene eg har kommentert på denne sida, så forventingane var høge.

Denne gongen er det ein åleinefar som tek livet av seg, og vert funne av dottera. TIlfeldigvis er Olivia og mor hennar i nærleiken, og kjenner så vidt til dei involverte. Samstundes ber Abbas den tidlegare politimannen og uteliggaren Tom Stilton, om å vere med seg til Marseille, der han skal rydde opp i noko frå fortida.

(2013)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 02/05/2014 tommar börjlind, marseille, politi, stockholm, sverige

 

Cilla & Rolf Börjlind – SPRINGFLO

springfloDen unge politistudenten Olivia Rönning får i oppgave å sjå vidare på ei gammal drapssak. Ho vel ei sak som den avdøde faren hennar jobba med, og som aldri vart løyst.

På ei strand på øya Nord-Koster, utanfor Strømstad, vert ei ung kvinne brutalt drept på 80-talet. Ho vert gravd ned i sanden til halsen ved fjøre sjø, og overlatt til å drukne når springfloa kjem inn. Olivia byrjar leite i dei gamle sakspapira, og prøver å kome i kontakt med han som leia etterforskinga, men han er forsvunnen og ingen vil fortelje noko om han.

Dette er ei komplett og solid krimbok, og langt bedre enn dei fleste du har lest i år. Faktisk er dette ei av dei aller beste krimbøkene eg nokon gong har kome over.

(2012)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 15/08/2013 tommar börjlind, politi, skjergard, sverige, uløyste saker