RSS

Kategoriarkiv: boston

Joy Fielding – INGEN FLERE TÅRER

Lovande familiedrama

Bonnie Wheeler får ein dag ein telefon frå ekskona til mannen sin, Rod. Ekskona, Joan, seier at Bonnie og dottera Amanda er i fare, og ber Bonnie møte henne i eit hus Joan skal ha visning i. Når Bonnie kjem til huset, finn ho Joan drept. Bonnie vert naturlegvis mistenkt, medan ho sjølv opplever fleire ubehagelige ting, som gjer at ho bestemmer seg for å finne ut kven Joan meinte ville skade henne og Amanda.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du sterke kvinnelege hovudpersonar, og thrillerar basert rundt næraste familie. Likte du Gone Girl eller Piken på Toget, er dette noko for deg. 

(1995)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/08/2020 tommar boston, familie, fielding, usa

 

Peter Swanson – DEN TIKKENDE KVINNEN

Urealistisk løgn-action

40-år gamle George Foss møter ved ei tilfeldigheit si store ungdomsflamme, og kvinna han har vore sjukelig oppteken av dei siste 20 åra, Liana Decter, og ho treng hjelp. Han seier ja, og ender opp i ein virvelvind av løgn, hemmeligheiter og brutale kjeltringar.

Han veit lite om kva som har skjedd med Liana etter at dei var eit par 20 år tidlegare, og prøver no å finne ut kvifor ho forsvann ut av livet hans, og kva som gjer at ho no er i såpass mykje trøbbel.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar fartsfylte actionhistorier, men er mindre oppteken av at det skal vere truverdig…

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 26/09/2019 tommar boston, mysterium, swanson, usa