RSS

Kategoriarkiv: brest

Peter Brest – VRAK OG BRAK

Dette var ei bok eg kom over heime. Eg fekk den til jul for mange år sidan, men har alltid trudd at det var ei bok om båtvrak langs Sunnmørskysten. Så viste det seg at det var ein krim. Ein ålesundar bur i Oslo, og reiser heim for å finne ein kompis.

Her får me historia om nokre funn frå gamle dager, og historia til Grimmergård, der det skal vere ein skatt nedgreven. Notid og fortid har tette band i denne boka, og jakta på kompisen har mykje med det som har skjedd i gamle dagar å gjere.

Overraskande grei bok, og ein krim i Ålesund. Litt varierande skriving. Peter Brest er et pseudonym, veit ikkje kven som eigentleg har skrive den.

(1987)

Les meir

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 30/06/2005 tommar brest, kystliv, norge