RSS

Kategoriarkiv: bristol

Matthew Hall – DE DØDES STEMME

De dødes stemmeEin lovande start i Wales

Den fyrste boka om Jenny Cooper, som er nyskilt, og har flytta over grensa til landsbygda i WalesHo får ein trøblete start i den nye jobben som likskuedommar, når ho får ei sak der der to ungdommar døyr, og begge har vore innom samme ungdomsfengsel. Det er vanskelig å finne ut av omstenda rundt det som har skjedd, i så stor grad at det kan virke som om nokon bevisst prøver å dekke over noko.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar kalde saker, oppnøsting av trådar, og David mot Goliat.

(2009)

Les meir

Reklame
 
 

Matthew Hall – UTVALGT TIL Å DØ

utvalgttilådøVirusjakt i Bristolområdet

Dette er bok nr 5 i serien om Jenny Cooper, og altså boka som kom rett før Spor i Aske. Ein mann vert funnen død, og det ser ut til at han har hoppa frå ei bru. Når Jenny Cooper ser på kva den døde har gjort dei siste dagane før sin død, finn ho ting som kan knytte han til ei ung jente som døde like etter, av ei aggressiv form for hjernehinnebetennelse, meir aggressiv en ein har sett i Storbritannia tidlegare. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar ein god thriller med bra driv og ein spennande hovudperson.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/01/2021 tommar bristol, england, hall, politi, rettsmedisiner, virus

 

Matthew Hall – SPOR I ASKE

sporiaskeLikskuedommar-krim

Etter ein husbrann vert ein mann og dei to stedøtrene hans funne omkomne. Stesonen har forsvunne. Likskuedommar Jenny Cooper er den som skal finne ut kva som har skjedd, og mykje tyder på at dette var meir enn ein vanlig husbrann.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er stor fan av britisk krim, med spennande og solide plott.

(2014)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 25/01/2021 tommar brann, bristol, england, forsvinning, hall, rettsmedisiner

 

Mo Hayder – RITUALER

Mo Hayder er eit namn ein ikkje kan unngå å sjå i krimbokhyllene rundt om, og sjølv om dei ikkje har virka så veldig interessante, så kjøpte eg denne for å sjekke det ut.

Dette er den fyrste boka i ein serie som enten handlar om politmannen John Caffery eller politidykkaren Flea Marley. Kven av dei to som er hovudpersonen er litt vagt.

Under eit dykk i hamna i Bristol finn Marley ei avkappa hand. Dagen etter finn dei den andre, men ikkje noko lik.

Saman med Caffery, som nettopp har vorte overflytta frå London, leiter Marley i eit afrikansk miljø, der svart magi står i sentrum.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 11/03/2012 tommar bristol, england, hayder, politi