RSS

Kategoriarkiv: brown

Dan Brown – OPPRINNELSE

Vanskeleg å ikkje verte hekta

Dette er den femte boka om Robert Langdon, og sjølv om handlingsmønsteret byrjar å verte ganske kjent, så er det framleis svært spennande.

Ein av Langdon sine tidlegare elevar, no ein milliardær i IT-bransjen, skal halde eit foredrag som han lovar vil endre korleis verda ser på religion. Men sterke krefter vil helst ikkje at denne oppdagelsen skal kome ut, og prøver å stoppe fyrst oppdagaren, og deretter Langdon.

(2017)

Les meir

Reklame
 
 

Dan Brown – INFERNO

infernoDen fjerde boka om Robert Langdon, og som vanleg er det store forventningar til spenningskongen Dan Brown.

Denne gongen vaknar Robert Langdon opp på eit sjukehus i Firenze, utan å huske at han i det heile tatt har forlatt universitet sitt i USA.

Det viser seg fort at han har ein gjenstand på seg, som nokon er interesserte i, og som dei til og med er villige til å drepe for.

Ein klassisk Brown-bok, men med så høge forventingar, er det vanskelig å innfri.

(2013)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 21/05/2013 tommar brown, firenze, italia, koder, professor

 

Dan Brown – DET TAPTE SYMBOL

Robert Langdon vert invitert til Washington DC for å halde ein tale. Men hans gode ven, Peter Solomon, som har invitert han, er plutseleg vekke, og det einaste som er tilbake, er den avkappa handa hans.

Rundt om i hemmelege rom og selskap, foregår ei intens jakt på Solomon, og den mystiske Mal´akh, som har kidnappa han.

Det handlar om frimurarar og noetikk, ei grein innen forskning som handlar om korleis mennesket sitt sinn kan påvirke den fysiske verda. (fritt frå wikipedia)

(2009)

Les meir

 
Éin kommentar

Posta av den 11/12/2009 tommar brown, forskar, frimurar, usa, washington dc

 

Dan Brown – ANGELS & DEMONS

Den fyrste boka om Robert Langdon frå Da Vinci koden. Kritikarane seier denne er bedre enn den fysste, sjøl er eg ikkje sikker.

Robert Langdon vert denne gongen tilkalla til CERN-instituttet i Sveits, og det viser seg at han må stoppe organisasjonen Illuminati, ei jakt som fører han til Roma og Vatikanet.

Ei bra bok, ingen tvil om det, men den er lik Da Vinci koden, og mykje av handlingsmønsteret er lagt. Hadde eg lese denne før Da Vinci, ville eg nok likt denne best. Men som bok nr 2, var litt av overraskingane vekke. Da Vinci koden var ny og frisk då den kom, og det er denne også, men dei er veldig like.

(2000)

Les meir

 

Dan Brown – DA VINCI-KODEN

Da Vinci koden er vel det ein kan kalle ein moderne klassikar.

Dei fleste kjenner nok til den, og veit at det dreier seg om sekter, forskarar og jakta på den heilage gralen. Professoren og ikoneksperten Robert Langdon er i Paris og skal treffe ein gammal kjenning. Denne kjenningen vert drepen i Louvre-museet og legg att ei melding til Langdon. Og så er me i gong…

Boka fekk stort sett ei veldig god mottaking, sjølv om nokre meinte Dan Brown hadde teke seg litt for mange historiske friheter. Men det er likevel ingenting å seie på at boka har vorte så suksessfull.

(2003)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 23/06/2005 tommar brown, italia, professor, religion, usa, vatikanet