RSS

Kategoriarkiv: cia

D. B. John – NORDSTJERNEN

nordstjernenOmfattande spionthriller

Eit tenåringspar forsvinn frå ei strand i Sør-Korea. Den amerikanske faren og koreanske mora gir etter kvart opp at ho skal dukke opp att, og tek med seg tvillingsystra til USA. Men Jenna klarer aldri å legge frå seg kjensla av av systra framleis er i live, og når ho etter kvart vert verva av CIA, dukker det opp muligheiter for å finne ut meir om ein spesiell teori – at systra vart kidnappa av Nord-Korea.

Parallelt følger me historia til ei eldre fattig kvinne i Nord-Korea, og ein leiande offiser i det nord-koreanske diplomatiet. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar tettpakka thriller-krim i notidsinnpakning. 

(2018)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 01/02/2022 tommar cia, john, kidnapping, nord-korea, spion, usa

 

Terry Hayes – JEG ER PILEGRIM

jegerpilegrimEin pensjonert agent vert trukken tilbake i arbeid, når det viser seg at nokon har utført eit drap, basert på ei bok agenten har skrive.

Deretter vert agenten, Pilegrim, sendt på eit nytt oppdrag, der han må stoppe ein arabisk krigar og lege som har hemntankar og tilstrekkelig kunnskap til å sette den ultimate hemna ut i livet.

Omtala som ein thrillersensasjon i forkant, så her er forventingane høge. Og ein kan ikkje seie anna enn at dei innfridde. Her er det full gass frå starten av, og dei 800 sidene går unna som det skulle vore ei brosjyre om på eit A4-ark.

(2013)

Les meir

 
2 kommentarar

Posta av den 28/12/2015 tommar afghanistan, cia, hayes, lege, politi, terror, tyrkia

 

RJ Ellory – ET HELT ORDINÆRT DRAP

etheltordinertdrapCatherine Sheridan vert funna drept i Washington. Robert Miller etterforskar drapet, og finn fort ut at det minner veldig om tidlegare voldsomme drap av kvinner som er begått i same området. Media får tak i historia og gir seriemordaren namnet Sløyfemordaren, fordi alle offera har ein bagasjelapp knytt på seg når dei vert funne.

Etterforskarane slit med å finne ut noko om offera, for ingen av dei ser ut til å hverken familie eller vennar.

(2008)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 10/06/2013 tommar cia, ellory, politi, seriemordar, usa, washington dc