RSS

Kategoriarkiv: coben

Harlan Coben – EN VENN AV FAMILIEN

envennavfamilienDen forsvunne gamletrenaren

Myron vert kontakta av sjefen i Zoom, eit stort selskap som lagar sportsutstyr. Brenda Slaughter er den store stjerna deira, og ho vert plaga av anonyme telefonar, som blant anna vil at ho skal ringe mora. Ei mor som forsvann for 20 år sidan. Og no forsvinn plutselig faren også, ein gammal ven av Myron, og Myron tek på seg oppgava med å finne faren og personane bak telefonoppringningane. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er hekta på Bolitar-serien. 

(1998)

Les meir

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 18/10/2022 tommar basketball, coben, forsvinning, sport, usa

 

Harlan Coben – FEIL SIDE AV VEIEN

feilsideavveienBolitar på ukjente jaktmarker

Jack Coldren er ein aldrande og mislukka golfspelar, som er gift med verdas beste kvinnelege golfspelar, Linda. Sjølv er han mest kjent for å ha sprukke på eit av dei siste hola i US Open 23 år tidlegare, men er no sensasjonelt i ferd med å vinne den samme turneringa for fyrste gong, og på samme bane. Men undervegs forsvinn sonen deira, Chad, og ekteparet får truslar og krav. Vil nokon øydelegge sjansane for Jack? 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du elskar golf og du elskar krim, men har aldri sett dei to kombinert før. 

(1997)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 16/10/2022 tommar coben, kidnapping, sport, usa

 

Harlan Coben – EN SISTE SJANSE

ensistesjanseEit lenge etterlengta comeback

Den største rivalen til Bolitar på universitetsnivå, den gongen før han vart skadd og måtte legge opp, er forsvunnen. Greg Downing er ein snåling, som aldri har latt seg sponse, og som køyrer taxi på fritida. Like før han forsvann, signerte han likevel ein enorm sponsoravtale. Laget hans, New Jersey Dragons, vil ikkje avsløre at han er forsvunnen, og lager ei dekkhistorie om at han er skadd, og at Myron Bolitar vert henta fram frå gløymselen, for endelig å få sin debut i NBA. Sannheita er at Bolitar skal infiltrere laget, for å finne ut kva som kan ha skjedd med Downing. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Myron Bolitar i dei foregåande bøkene. 

(1996)

Les meir

 

Harlan Coben – HARDE SLAG

hardeslagTennis-krim (sett sjølv inn tennis-referanse)

Valerie Simpson, ein tidlegare tenniskomet, vert skota og drept like utanfor stadion under US Open. Ho har prøvd å kome i kontakt med Myron Bolitar, som ho ønsker skal representere henne når ho no vil gjere comeback.Når Bolitar byrjar kike på saka, finn han trådar som går tilbake til eit drap på ein tennisklubb seks år tidlegare. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du, som meg, las den fyrste i serien, og vart sugen på meir.

(1996)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/10/2022 tommar coben, sport, tennis, usa

 

Harlan Coben – LIVSTEGN

livstegnKrimthriller i sportsverda

Den fyrste boka i serien om sportsagenten Myron Bolitar. Bolitar har fått sin fyrste store klient, basketballtalentet Christian Steele, som alle meiner er den neste store. Steele har klart seg gjennom ei tøff tid, etter at kjæresten hans forsvann sporlaust, og er antatt død. Så ringer ho plutselig til Steele, og verda vert snudd opp ned. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Harlan Coben truleg er tidenes beste spenningsforfattar, og du er spent på korleis han takler sportskrim. 

(1995)

Les meir

 
 

Harlan Coben – IKKE GI SLIPP

Spor frå fortida

Politiet rykker ut til ein mann som har vorte skoten i ein bil. I bilen finn dei fingeravtrykka til ei kvinne. 

15 år tidlegare vart det unge kjæresteparet Leo og Diana funne drepne på eit jernbanespor i småbyen Westbridge. Like etter slo Maura opp med broren til Leo, Nap, og forlot byen. No er Nap politietterforskar, og har aldri gitt opp å finne ut kva som skjedde den gongen. Så får han beskjed om at fingeravtrykka som vert funne i bilen, tilhøyrer Maura. 

 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Harlan Coben er heilt i verdstoppen når det gjeld spennande historier.

(2017)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/12/2020 tommar coben, new jersey, politi, uløyste saker

 

Harlan Coben – SAVNER DEG

SavnerDegEtterforskaren Kat Donovan vert kontakta av ein ung gut, som meiner mora hans har forsvunne mot si vilje. Ho har reist bort med ein mann ho har treft på nettet, og han meiner noko er gale.

Kat vert, delvis mot si vilje, meldt på ei nettdatingteneste, og treff der ein gammal flamme, som forlot henne for 18 år sidan.

Fleire historier vert fletta inn i kvarandre, i ei spennande og heseblesande forteljing.

(2014)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 05/04/2015 tommar coben, forsvinning, kidnapping, new york, politi, usa

 

Harlan Coben – SEKS ÅR

seksaarJake Fisher vert brått dumpa av Natalie, den han trudde var den store kjærleiken. Ho seier ho har møtt ein gammal flamme og forholdet deira har blussa opp igjen. Kort tid etter er han i bryllaupet deira, der ho ber han om aldri å ta kontakt med henne igjen.

Han held løftet sitt, til han seks år seinare ser nekrologen over mannen hennar, Todd. Etter å ha vurdert saka nøye, tek han turen til gravferda hans, i håp om å få eit glimt av Natalie. Når kista og gravfølget kjem ut frå kapellet, får han eit glimt av enka. Problemet er at det ikkje er Natalie.

Avslører ikkje for mykje ved å seie at dette er ei av dei meste spennande bøkene eg har lese i år.

(2013)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 03/07/2014 tommar coben, forsvinning, professor, universitet, usa

 

Harlan Coben – VÆR HOS MEG

verhosmegDenne boka er omtalt som «kanskje den beste» frå Harlan Coben. Ganske store forventingar, med andre ord.

Ein person forsvinn i Atlantic City, og etterforskaren Jack Broome finn mange likheiter med eit drap han jobba med 17 år tidlegare. Fotografen Ray er alkoholisert, og har vore ute å køyre i dei same 17 åra. Fotballmammaen Megan vert innhenta av fortida si. Ei fortid som slutta for 17 år sidan.

Av ulike årsaker møtes dei tre no igjen i Atlantic City.

(2012)

Les meir

 

Harlan Coben – I DEN SKOGEN

Fire ungdomar forsvinn i skogen under ein sommarleir. To av dei vert funne drepne, medan dei to andre aldri dukkar opp igjen. Paul Copeland var bror ein av dei som aldri dukka opp igjen, og ein dag verta han kalla inn for å identifisere eit lik som har hatt på seg ting som knyttar han til Copeland. Det viser seg å vere den tredje av dei som forsvann i skogen. Han har med andre ord vore i live i 20 år. Då er det berre systera hans som manglar, og Copeland, som har ei familie som aldri har gitt opp håpet, får blod på tann.

Det viser seg at det er fleire andre som har hatt hemmeligheiter som ikkje har kome inn.

(2007)

Les meir

 
Kommenter innlegget

Posta av den 15/04/2012 tommar coben, forsvinning, politi, skog, uløyste saker, usa